Velkommen til Førdefestivalen 2025!
Førdefestivalen er Skandinavias største festival for akustisk folkemusikk og verdsmusikk, og mottok i 2019 heideren EFFE AWARD 2019-2021, då European Festival Association kåra den til ein av dei fem beste festivalane i Europa uansett sjanger.
Førdefestivalen presenterer rundt 250 artistar frå heile verda på 30 scener gjennom 90 ulike programpunkt, og har om lag 20000 besøkande kvart år.
Festivalen vert dekka av nasjonal og internasjonal presse, og har vore rangert som ein Europas beste festivalar av The Guardian og National Geographic. Første festivalen vart arrangert i 1990.
HKH Kronprinsesse Mette-Marit er festivalen sin høge beskyttar.
Her er oversikt over Kronprinsessa sine beskyttarskap.
Festivalen tilbyr eit variert program med konsertar, kurs, utstillingar, barneaktivitetar og turar. Kulturhuset Førdehuset er hovudarena for dei mange konsertane, men festivalen har òg samarbeid med med andre kulturinstitusjonar, hotell og kyrkjer om arrangement under festivalen. Den vakre Vestlandsnaturen dannar ei unik ramme om festivalen.
Festivalen presenterer etnisk musikk frå heile verda. Vi ynskjer å la publikum få oppleve noko av det fantastiske mangfaldet av musikk-kulturar og -tradisjonar som finst på kloden vår.
Musikalsk kvalitet - nye musikkopplevingar
Festivalen søker å engasjere dei beste utøvarane innan verdas mange musikkulturar og musikk-uttrykk. Festivalen er kjent for eit programval som appellerer til eit ope og nysgjerrig publikum, og går ikkje alltid den breie vegen når det gjeld val av musikarar.
Festivalen vil gjerne gje tilhøyraren nye musikkopplevingar. Mange musikktradisjonar og musikarar har blitt presentert for fyrste gong i Norge frå festivalscena i Førde. Men også folkemusikktradisjonar som er kjende og kjære for folk flest har sin plass på Førdefestivalen.
Den norske folkemusikken er ein stor og naturleg del av festivalprogrammet, og festivalen legg særskilt vekt på å få fram unge musikarar og nye produksjonar.
Det vert òg lagt stor vekt på at musikarane skal ha eit godt opphald i Norge og Førde. God artistservice er eitt av festivalen sine varemerke.
Førdefestivalen er medlem av:
Norske Kulturarrangører
Forum of Worldwide Music Festivals
Følg med på www.fordefestival.no