FRED! er temaet for Førdefestivalen 2026.
Truleg har vi meir enn nokon gong bruk for rom der ulike tradisjonar, språk og uttrykk kan møtast i respekt og nysgjerrigheit. Førdefestivalen tek imot musikarar frå heile verda, med kulturar og uttrykk som både liknar og skil seg frå våre eigne. Møta mellom dei skaper ikkje berre musikk ? dei skaper forståing, lytting og fellesskap. Det er fred i praksis.T
Truleg har vi meir enn nokon gong bruk for rom der ulike tradisjonar, språk og uttrykk kan møtast i respekt og nysgjerrigheit. Førdefestivalen tek imot musikarar frå heile verda, med kulturar og uttrykk som både liknar og skil seg frå våre eigne. Møta mellom dei skaper ikkje berre musikk - dei skapar forståing, lytting og fellesskap. Det er fred i praksis.
Sjølv om det ikkje er fred rundt oss, kan musikk skape fred i menneske. Om ikkje alltid i tydinga «fråvær av krig», så fred i sinn, i kroppen, i fellesskapet - for dei som lever i ein krigskvardag.
Det er på tide å setje fokus på fred. Å heve stemma for fred. Og på den neste Førdefestivalen spelar vi for fred.


