Ny runde med folkedansfestivalen DANS DANS DANS

DANS DANS DANS er ein dansefestival med dansefestar, forestillingar, seminar og kurs i Oslo, og blir arrangert for andre gong i januar/februar 2025.  

Festivalen er eit samarbeid mellom FolkOrg, Sprang, Riksscenen, NU, SFF, og ulike medlemslag i BLS. Dette gjer at det blir eit variert og spennande program der det vil vere noko for ulike dansesmakar! Velkommen til festival frå 27. januar til 2. februar 2025!

Sjå fullt program på Riksscenen sine nettsider