Vestafolk-konsert - drivande irsk folkemusikk i tett og dynamisk samspel
Brid Harper og Magnus Wiik møttest i 2022 for ein impulsiv turné idet Noreg var på veg ut av pandemien. Saman med Tony O´Connell debuterte dei på Riksscenen sin første Norse Gaels-festival, og same år spelte dei også på Førdefestivalen (foto). Med fele og gitar dyrkar dei irsk folkemusikk i tett og dynamisk samspel. Einaste gimmick er at det skal vere drivande og dansbart!
Brid Harper (fele) kjem frå Castlenn i Donegal, og er rekna som ein av dei beste. Punktum. Ein sånn felespelar som andre i feltet snakkar om med ærefrykt. Soloplatene hennar står att som klassikarar i sjangeren.
Magnus Wiik (gitar) er for mange kjend gjennom bluegrasband som Open String Department og Julie & The New Favorites. Han er geniforklart når det gjeld å tolke musikk. Før bluegrasen, tidleg på 2010-talet, turnerte Wiik med irsk folkemusikk på alle festivalar der irsk stod på plakaten, og spelte med namn som Gerry O´Connor, Ronan Ryan og Tony O´Connell.
Vestafolk er Førdefestivalen sitt omreisande konsert-tilbod. Konserten er støtta av Norsk Kulturfond og Lærdal kommune.
Billettpris:
Vaksen 270,-
Born /ungdom tom 25 år: 170,-
Stad: Kulturstova på Lærdalsøyri pensjonat i Øyramarki
BRÍD HARPER & MAGNUS WIIK
Tid og stad:
11. februar kl 19.00
Lærdalsøyri pensjonat


