Nyåret begynner med konsert i Årestoga med to unge tradisjonsbærarar – Birgit Haukås og Svein Laingen Kjerland. Begge er tidlegare studentar på USN Rauland og jobbar til dagleg med folkemusikk og folkedans.
Birgit Haukås (f.1998) kjem frå Tinn i Telemark, og har sidan 2014 vore aktiv innan hardingfelespel og folkedans. Som ivrig kappleiksdeltakar har ho oppnådd gode resultat regional og nasjonalt, og under Landskappleiken på Gol i 2024 vart ho blant anna kvalifisert A-klassedansar. Birgit er ikkje berre utøvar, men brenn for opplæring og instruksjon av dans og spel. Ho har bakgrunn som tidlegare kulturskolelærar i dans, og hatt fleire kurs i dans og spel i inn- og utland, deriblant medvirkande i DKS i skulen og fleire turar til USA.
Birgit har studera bachelor i folkemusikk og master i tradisjonskunst, i tillegg til eit årsstudium i instrumentmaking ved Universitetet i Sørøst-Norge, campus Rauland. Her har ho hatt hovedfokus på tradisjon frå Telemark, og særlig frå Tinn. I tillegg til fokus på repertoar frå sitt heimeområde, ligg dansespelet hennar nært! Birgit har hatt fleire gode læremeisterar, blant anna Lars-Ingar Meyer Fjeld og Per Anders Buen Garnås på spel. I dans har Torbjørn R. Dokken, Unni Boksasp og Stian Roland vore viktige, og til stor inspirasjon. Til vanleg jobbar Birgit som rådgjevar ved Norsk senter for folkemusikk og folkedans i Trondheim.
Svein Laingen Kjerland (f.1996) kjem frå Granvin i Hardanger og spelar hardingfele. Han har fyrst og fremst gått i lære hjå Knut Hamre, men har og utdanna seg ved Universitetet i Søraust-Noreg, Campus Rauland med ein bachelorgrad i folkemusikk. Det er speltradisjonen i Hardanger, med vekt på spelet frå Granvin og Sørfjorden han har fordjupa seg i. Svein jobbar mykje med helgekurs i hardingfelespel, dansespeling, konsertar og bryllaupsspeling. Han er aktivt styremedlem i Hardanger Spelemannslag og brenn for undervising og rekruttering til folkemusikk- og dans. Til dagleg jobbar Svein som distriktsmusikar og kulturskulelærar i Ullensvang Kommune.
Her kan du lese mer om arrangementet
Arrangør: Folkemusikkscena på Rauland