Cajunlegende på Norgesbesøk!
BERGEN MANDOLINBAND AVEC STEVE RILEY
"Bergen mandolinband har drevet med akkurat dette i 20 år, og nå virker det som de har nådd helt til topps - eller til bunns - i sitt prosjekt. De har nådd kjernen." - Alisa Larsen, Bergens Tidende
Bergen Mandolinband blir leia av folkemusikaren Olav Christer "Laffen" Rossebø og forfattar og musikar Gaute Sortland. Olav Christer har studert amerikansk folkemusikk gjennom mange år med studieturar og turnéar i USA og har særlig fordjupa seg i cajunmusikken frå Louisiana. Tradisjonsmusikken blir kopla saman med solide tekstar på norsk av vokalist og forfattar Gaute Sortland, og slik blir musikken ei blanding av det beste frå cajunland og det verste frå Vestlandet. Mørkt, sorgmuntert og særeige. Bandet har også signert ei rekke låtar sjølve.
Steve Riley blir av mange rekna som verdas fremste cajuntrekkspelar. Heilt sidan han var tidlig i tenåra turnérte han med cajunlegenda Dewey Balfa, og seinere har han og samarbeidd med folk som Eric Clapton, Robert Plant, Elvis Costello, Willie Nelson, Paul Simon og Doug Kershaw. Steve Riley er også ein framifrå vokalist og felespelar.
Me er stolte av å presentera Steve Riley i Noreg for fyrste gong! Konserten blir ei blanding av musikk frå Bergen Mandolinband sitt nye album og Steve Riley sitt store repertoar av tradisjonell cajunmusikk.
Gaute Sortland - vokal og gitar
Olav Christer Rossebø - fele og mandolin
Ingemund Askeland - banjo og munnspel
Kjetil Olai Lunde - kontrabass
Anne Lise Frøkedal - el-gitar og vokal
Ingeleiv Berstad - vokal, fele og triangel
Steve Riley - trekkspel, fele og vokal
www.riksscenen.no
Arr: Riksscenen