Kom og få eit innblikk i det fantastiske mangfaldet, variasjonane og dei personlege stilane ein kan finne i springaren frå Hallingdal. Denne gongen er det fokus på Nes som tradisjonsområde, og du kan stifte nærare kjennskap til fleire av dei fantastiske dansarane frå Nesbyen.
Saman med arkivopptak og intervjumateriale, vil dagens utøvarar og tradisjonsberarar ta deg med på ei reise gjennom tradisjonsmaterialet frå Nes.
Utøvarar: Lars Christian Brabant, Ingrid Svensgård, Thomas Lundberg og Caroline Haavelmoen.
Tid: Fredag 26. september kl. 19.00
Stad: Sollys, Nesbyen
Pris: 180 kr
Arrangør: Hallingdal Museum og Sprang Scene
Prosjektet har fått støtte frå Norsk Senter for folkemusikk og folkedans, som òg har stilt arkivopptak, intervju- og biletmateriale til disposisjon. Prosjektet er òg støtta av Skue Sparebank, Sparebankstiftelsen DnB og Hallingplast.
Med denne førestillinga sparkar me i gang Springarforum 2025 arrangert av Sprang Scene.

Arrangør: Hallingdal museum / Sprang scene