Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Watne, Åshild

ashild_watne

Songar, og spelar harpe og lyre.

Åshild Watne er songar og ein av dei svært få utøvarane i landet på norske bondeharper og middelalderlyrer. Ho spelar lyrer frå Numedal og Setesdal og harper frå Østerdalen, Røros og Selbu. Repertoaret hennar består fyrst og fremst av folketonar, balladar og religiøs musikk frå middelalderen - lågmælt og stemningsfullt. Ho har gjeve ei lang rekkje solo-konsertar i ulike deler av landet og førelest om norske harper og lyrer ved Ole Bull Akademiet og mus.vit.inst., NTNU. Ho er ein allsidig musikar som i tillegg til utøvarverksemd innan ulike sjangrar også komponerer musikk og arbeidar som univ.lektor ved UiO, inst. for musikk og teater.
 

CD-utgjeving


- "Julefred" saman med Odd Lund 1997 (Gabriel Media)


Konsertreferansar

-Olavsfestdagane
- Festspela i Nord-Noreg
- Berlin-Filharmonien
- Utanriksdepartementet
- Kulturdepartementet
- Musikkhøgskulen
- NHO
- NRK


| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk