Dei første landskappleikane - om ein kan kalle dei det - vart skipa til av Vestmannalaget i Bergen. Første gong i 1896, og siste gong i 1914, til saman 11 gonger.

I 1903 vart det halde landskappleik i Oslo. Huldreleiken - seinare Laget for folkemusikk - stod bak. I åra frå 1918 til 1922 var det igjen i Oslo. Landslaget for spelemenn vart skipa i 1923, som eit særlag i Noregs Ungdomslag, og frå 1923 er det LfS som har stått for Landskappleiken.

Frå først av var Landskappleiken kappspel for hardingfele. Frå 1924 var det deltakarar på vanleg fele, men det var svært få som var med. Første gongen Landskappleiken vart arrangert i eit reint feledistrikt var i Lom i 1954, og frå den tid har  fela vore ein likeverdig partnar med hardingfela.

Det gjekk lang tid før kveding kom med på Landskappleik - første gongen var i Notodden i 1958. I Førde i 1995 vart det for første gongen klassedeling i vokal folkemusikk slik som i spel: A-, B-, C- og D-klasse.

Nedanfor fylgjer eit oversyn over vinnarar av Landskappleikane, med år, stemnestad, og vinnarar.


(NB: Lista er førebels noko ufullstendig i klassene laus og open klasse. )
 

>> Last ned liste over landskappleikvinnere fra 1896 - 2010