Hjem > Artikkel

NYBYGG

Vil lage hardingfelesentrum i Granvin

Modell

Modell av harndingfelesentrum i Granvin.

I samband med Vestlandskappleiken viser dei to arkitektstudentane Lone Kjersheim og Katarina Sæbø Dale fram modellar og idear til eit nye hardingfelesenter i Hardanger. 

I dag presenterer dei to studentane si diplomoppgåve Tradera - hardingfelesenter i Granvin. Eller rettare sagt eit hardingfelesentrum. Deira idé går nemleg ikkje ut på å opprette eit tradisjonelt kulturhus for å huse hardingfelemiljøet, men heller slå saman eit bygdesentrum med kulturfunksjonane, og på den måten få eit hardingfelesentrum. 
 

Torg med hardingfela i sentrum


- Prosjektet søkjer å dekke fleire behov, seier Dale. Prosjektet har to eksisterande brukargrupper, som har etterlyst ein møtestad – både hardingfelemiljøet og Gravensarane. 

Dei to arkitektane ønskjer ikkje å berre lage eitt hus, men kjem med framlegg om å kople bygga til eksisterande aktivitet. 

Hardingfelesentrumet skal innehalde ein ny Coop-forretning med bustadar i andre etasje, nytt offentlig bibliotek og kafé slått saman med folkemusikkarkivet og administrasjonen for hardingfelemiljøet i eit eige bygg, med bustadar i andre etasje, og til sist ein frittståande konsertsal, spesialtilpassa til hardingfelas tonar. 

- Til saman dannar desse husa eit torg og ein øvingsskog, med mange små øvingshus ein kan leige eller låne av biblioteket.

Kjersheim fortel at ein kan oppnå synergiar ved å slå saman bibliotek og kafé, folkemusikkarkiv og administrasjonen av eit hardingfelesenter.  

- Vi håper likevel at det blir oppretta nye stillingar i samband med hardingfelesenteret, for å verkeleg få formidla og tilgang til folkemusikkarkivet, og all den kunnskapen dette miljøet sit på.

Katarina og Lone.jpg
Katarina Sæbø Dale er frå Bergen, med røtter i Hardanger. Lone Kjersheim er frå Molde.

Vil ha cruiseskipa til kais

 

Turisme er også eit tema arkitektane har vore innom. Dei meiner Granvin har eit lite nytta potensial. Som havn.  

- Granvin har jo tre djupvasskaier. Eg ser ingen grunn til at ikkje cruiseskipa kan leggje til her. Når eit hardingfelesentrumet er bygd, vil eg tru at japanarane kjem i eins ærend. Det er jo tross alt i ganske stort hardingfelemiljø i til dømes Tokyo, legg Dale til.

Dei to arkitektane skal legge fram modellane og på Vestlandskappleiken i kveld. Dei er tydelege på at dette er noko som er viktig for folkemusikkmiljøet.   

- Ein treng ein god stad for å administrere og gjere folkemusikk tilgjengeleg både i papir- og konsertform. No har vi kome med eit framlegg til korleis dette kan utformast. Vi håpar politikarane kjem på banen no, avsluttar Kjersheim.

 

ark_lonekat2.jpg


 


(1) | Tips en venn | Skriv ut |