Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Ny plate

Vaksen debut med Kjell Hove

Kjell Hove - Med eg var liten (Etnisk Musikklubb, 2011)

Kjell Hove - Med eg var liten (Etnisk Musikklubb, 2011)

Måndag 24. januar kjem plata "Med eg var liten. Bygdevisur frå Telemark". Her tek Kjell Hove og Randi Øverbø Hove for seg gamle og nyare bygdeviser, mellom anna etter Bjarne Øverbø.

Kjell Hove er fødd i 1955 og oppvaksen på garden Hove på Møsstrond. Han vart tidleg kjend med folkemusikken då han fekk høyre felespel og kveding både i heimen, litt av kokkene på internatskulen og elles rundt i heimbygdi. Det var spelemenn i familien, og far til Kjell, Jon Hove, kveda gjerne i godt lag. Å høyre folkemusikkhalvtimen på radioen var også fasttradisjon i Kjell sin barndomsheim.

Som kvedar reknar Kjell seg som sjølvlærd, han har plukka opp litt her og der av sambygdingar, frå opptak av andre kvedarar og av sine folkemusikkvener rundt i kring i landet når dei treffest på kappleikar. Han deltok på kappleik fyrste gong på landskappleiken på Rauland i 1994. Der fekk han fyrstepremiegrad og i løpet av 2 år rykte han rett opp i A-klassa. Sidan har han delteke på ei lang rekkje lokale kappleikar og kvart år på landskap-pleiken.

Songstilen til Kjell er av den gamle, gode. Han er svært glad i dei gamle bygdevisene og har hatt Bjarne Øverbø som sitt største førebilete innom kvedinga. Han kjende Bjarne godt, var mykje i lag med han både på kappleikar og elles, og seier sjølv at han var ein stor beundrar av Bjarne. Både fordi Bjarne var ein framifrå kvedar, men også fordi han var så triveleg og liketil å vera saman med. På denne CDen har han med ein del av dei visene Bjarne bruka å kveda, i tillegg til mange andre bygdeviser både av gamal og litt nyare årgang.

I oktober 2008 gifta Kjell seg med Randi Øverbø som også er kvedar. Randi er fødd i 1974 og kjem frå Åmotsdal. Interessa for folke-musikk fekk ho så å seie inn med morsmjølka. Far hennar, Einar Øverbø, kveda mykje, og ho lærde mange viser av han. Ho hadde planer om å lære både meir kveding og felespel av onkelen sin, Bjarne Øverbø, men det vart aldri noko av, sidan han døydde då Randi berre var 15 år. Bjarne har alltid vore eit førebilete både for Randi og for Kjell, og begge er dei opptekne av å føre vidare dei gamle bygdevisene.

Randi debuterte som kappleikdeltakar på Seljordkappleiken i 2005 og på Beitostølen i 2006 deltok ho for fyrste gong på landskappleik. Sidan har ho vore trufast deltakar både på lokale kappleikar og på landskappleiken. Etter at ho gifta seg med Kjell i 2008 har dei begge vore svært aktive i kvedarmiljøet i Telemark, både som kurshaldarar, kappleiksdeltakarar og som trufaste gjester på kvedarsamlingar rundt i Vest-Telemark. Det er bygdevisene som ligg Randi nærast hjartet, og desse fører ho vidare med stort engasjement og ein songstil av det gamle slaget. På denne CD-en er Randi representert med 3 viser.

”Med eg var liten” er gitt ut på Etnisk Musikklubb, og blir offisielt sluppet 24. januar 2011.
 


 

  • Kommentar
    Skrevet av Anonym [2011-01-25]
    Ser det står at folkemusikk.no er forfattar av dette presseskrivet, det stemmer vel strengt tatt ikkje....


  • Hei!
    Skrevet av -- Red. (info AT folkemusikk DOT no) [2011-01-26]
    Hei, anonym! Det er Etnisk Musikklubb som har sendt oss denne pressemeldingen. Vi syntes likevel at den inneholdt såpass mye informasjon at vi gjerne bragte den videre. Krediteringen innebærer altså ikke noe mer enn at det er en pressemelding - og at den er formidlet videre av oss i Folkemusikk.no. I fortsettelsen skal vi likevel prøve å være enda tydeligere.


  • Hvor er den?
    Skrevet av Ann (ann AT holte DOT no) [2011-01-28]
    Nå har jeg lett etter denne platen på iTunes, musikkonline.no, WIMP, platekompaniet.no og cdon.com, men finner den ingen steder!!

    Den ble lansert på mandag, burde den ikke da vært tilgjengelig i de fleste nettbutikker iallefall?



  • Snart på plass
    Skrevet av - Red. (arvid AT folkemusikk DOT no) [2011-01-28]
    Hei, og takk for henvendelse! Vi har prøvd å se litt på saken. Det bør nok ikke ta så lang tid før platen er på plass hos flere av de du nevner. Ellers kan du jo også prøve å henvende deg direkte til Etnisk Musikklubb.


    • Klart om 14 dager
      Skrevet av -- Red (arvid AT folkemusikk DOT no) [2011-01-31]
      Hei igjen! Nå har vi fått vite at platen må holdes tilbake litt pga teknisk feil i produksjonen. Fabrikken har nettopp hentet første opplaget som blir destruert - og CD trykket på nytt og repakket. Om 14 dager skal den likevel være på plass!



(5) | Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk