Me får tak i ho rett etter ho har vore i paneldebatt på Warszawa Cross Culture Festival og "Sounds like Poland",  eit polsk bransjetreff liknande Folkelarm. Like før me når igjennom på telefonen har ho vore i intervju på polsk radio. Og dagen etter skal ho på Folkelarm, delta i debattar og i styremøte med folkemusikklina på Noregs Musikkhøgskule. Å ligge på latsida er vel den rake motsetnaden til det Hilde Bjørkum driv med. Ho er ikkje den som kviler i arbeidet. Engasjementet og ambisjonane er på høgste nivå.   

Hilde Bjørkum har vore med sidan starten, og bygd opp Førdefestivalen frå botnen av. I år feira festivalen 25 år, med ein storstilt jubileumsfestival. "The best festival ever", ifølge ho sjølv. 

Kva synest du om å bli nominert til prisen Årets Folkemusikkarrangør? 
- Det er sjølvsagt veldig hyggelig, og det er flott at FolkOrg setter opp ein slik pris. For oss er det inspirerande med tanke på det me har gjort, men òg for å gå på vidare og bli enda betre. 

Kva har det å seie for festivalen? 
- Me blir sett, og sett pris på. Det er kjempeviktig for oss. Me er jo allereie på ulike lister over dei beste festivalane på den internasjonale scenen, men det er viktig for oss å bli sett og anerkjend i det norske miljøet. Så gir det sjølvsagt litt mediemerksemd, noko som er positivt.  

Korleis vil du oppsummere årets festival, den 25. i rekka? 
- Me føler jo at det var ” The best festival ever”. Oppslutninga blant publikum var svært god, og det var stor entusiasme rundt festivalen. Me utvida festivalen med ein dag, tok i bruk fleire nye arenaer, samt fleire nye produksjonar og tingingsverk med både norske og utanlandske musikarar. Vi hadde mellom anna ein stor produksjon med musikarar frå Sogn og Fjordane som slo veldig godt an. Temaet i år var ”Lokal og global i 25 år”, noko som oppsummerer det som Førdefestivalen er, på eit vis. 

- Utteljing i media var også svært god, med direkte fjernsynsoverføring av opningskonserten på festivalen. 

«Det me ser er jo at folk er veldig nysgjerrige.» 

 

Frå Torgscena på Førdefestivalen. Dansaren er frå gruppa Bhanwari Devi frå India.
Frå Torgscena på Førdefestivalen. Dansaren er frå gruppa Bhanwari Devi frå India. Foto: Heidi Hattestein

På oppdagingsferd


Kva meiner du er kjenneteikn Førdfestivalen som festival?
- Hjå oss er det akustisk baserte uttrykket i fokus. Me vil skape eit rom for dei som driv med tradisjonsmusikken. Både det heilt tradisjonelle og det meir nyskapande. Så har me den internasjonale sida, der me slepp til musikarar og musikk og som ikkje har vore presentert i Norge før. Slik oppdagar publikum noko nytt, også den norske folkemusikken. 

- Samstundes lagar me alltid nye produksjonar, enten det er tingingsverk eller nye samarbeid. Me vil sleppe til nye stemmer. La folk få høve til å jobbe med nye uttrykk, eller med musikarar dei ikkje har jobba med før. Gjerne frå den andre sida av kloden. 

- Og så har me no om lag 30 ulike arenaer. Me skal vere både i det store og det vesle format, i idrettssalen med dei store produksjonane, og på det vesle tunet med dei små akustiske arenaene. Me skal ha begge delar, men mange seier jo at dei får dei aller største opplevingane i dei små formata. 


«Me har artistar som når ut til et vidt publikum, berre dei slepp til på scenene.»

 

Kva er du mest stolt av å fått til med festivalen? 
-  Eg vil påstå at me har nådd eit stort nytt publikum. Om lag 70 % av publikummet på festivalen går ikkje på slike folkemusikk-arrangement til vanleg, så det er eg stolt av. 

- Eg trur det er viktig for sjangeren at vi greier å nå ut til fleire. Spesielt når me har så gode artistar. Frå då me starta festivalen og fram til i dag har det vore ei enorm utvikling. Det er så mange dyktige og profesjonelle utøvarar no. Me har artistar som når ut til et vidt publikum, berre dei slepp til på scenene.

- Eg er òg stolt av at så mange oppdagar ny musikk. At me utset publikum for heilt nye ting. Det me ser er jo at folk er veldig nysgjerrige. Når dei er på festival, går dei inn i ei boble. Dei er faktisk på musikalsk oppdagingsferd i programmet. 

- Og så er utruleg stolt av våre frivillige. 350 stiller opp kvart år, og nokon har vore med heile tida. Dei er heilt fantastiske til å stille opp, og få festivalen til å fungere. Utan dei hadde det aldri vore mogleg å drive denne festivalen. 

Korleis ønskjer du å utvikle festivalen vidare?
- Det aller viktigaste er at me ikkje kviler. Me må være svoltne, og få inn nye idear og dyrke kreativteten. Ein må ikkje kvile i ein suksess som har vore. Ein må heile tida tenke utvikling og nye grep ein kan gjere. Det er jo det som er moro!  
 

«Dei er faktisk på musikalsk oppdagingsferd i programmet.» 

 

Ein må kunne stå i stormen


Kva er det med konsertarrangering som fengar deg?
- Det er jo så mykje. Alt det som publikum det ikkje ser, med visum, reiser, kontraktar, osv. Når alt stemmer, konserten går som planlagt, og du kjem ut etter konserten.. Så kjem folk ut frå konserten med stjerner i augene. Då er det verdt alt strevet og alle bekymringane som folk ikkje ser. Det er det som driv meg.  

Kva meiner du er viktige eigenskapar å ha som konsertarrangør?
- Det er mange ting. Det er ikkje mogleg å ha alt i ein og same person. Ein må ha folk rundt seg som dekker opp for det ein ikkje kan eller har kapasitet til. Ein må være glad i musikken og konsertar, og det må vere ein verdi seg sjølv. Så må ein ha fagkunnskap, og vere ryddig i hovudet og i økonomien. Ein må halde ord, vere til å stole på, og ha evna til å få til ein god dialog med musikarar og samarbeidspartnarar. 

- Så må ein ha stayerevne til å halde på, sjølv om ein møter motstand. Ein må kunne stå i stormen. Og vera villig til å jobbe utruleg mykje. Mykje meir enn ein vanleg ni til fire-jobb. Skal ein lukkast i det lange løp, så må ein være dedikert. Og modig.

 

«Skal me berre ha det kommersielle blir det for smalt.»

 

Er det særskilte utfordringar du meiner konsertarrangørar står framfor i dag?
- Innan vår sjanger så er det éi altoverskyggande utfordring, og det er økonomien. Me i Førdefestivalen er privilegerte, men mange andre har veldig lite handlingsrom. Det merkar me med desse konsertane me har gjennom året på FolkJazz-scena. Med ein festival er det lettare å folk til å gå på konsert med noko dei ikkje har høyrt før. Då er ein i ei festivalboble. Som heilårs konsertarrangør er det verre. 

- Det er veldig vanskelege i Noreg å nå ut til eit publikum med det som ikkje er promotert gjennom tv, radio og mainstream. Det er skikkeleg utfordrande. Difor må me finne dei gode strategiane, slik at det både kan vera greitt betalt for musikarane, samtidig som vi greier få økonomi i det for arrangørane. Då treng me ei norsk kulturpolitikk som tek høgde for det. 

- Me er eit veldig lite land, med få folk. Skal me ha eit kulturelt mangfald, så treng ein å ha offentlege støtteordningar som gjer det mogleg å halde ei bredde i uttrykka og tilbodet. Skal me berre ha det kommersielle blir det for smalt, avsluttar ho. 

Førdefestivalen er ein av tre festivalar som er nominert til årets folkemusikkarrangør 2014. Prisen vert delt ut på Folkelarm laurdag.