Spelemannslaget Havella har først og fremst vore eit samspeltilbod i fiolinundervisninga ved Kulturskulen. Det nye tilbodet vart svært godt motteke. Vi er vel av dei få som har møtt slik støtte og velvilje i ein kulturskule! Det har vore eit privilegium å lyfte fram folkemusikken i Herøy. Som ei bekrefting på det, fekk vi i 1999 kommunen sin kulturpris, og Havella vert ofte tittelert som kommunen sitt ”Flaggskip”!
 
Om å høyre til
Årets ”happening” har heile tida vore Fylkeskappleiken. Alle er vel ikkje einige om at det er det kjekkaste som skjer, med all ventinga, ”sulling” i kvar ei krå og til tider så sure tonar at ein mest har lyst å dra heim, men det skaper identitet. Vi høyrer til! Vi er i lag med likesinna, som forstår kor mykje arbeid det er å lære slåttane utenat. Når ein skal stille både solo, i lagspel utan komp og med komp, gjerne også i gruppespel attåt! Havella har aldri vore så oppteken av konkurransen, i og med vi aldri har stilt reint seniorlag. Vårt seniorlag er frå 11 år og oppover, og så har vi tre-fire over 18 år. Men på denne måten får alle vere med. På Åndalsnes i 2010 spissa vi (som det heiter i forballspråket) ei gruppe til Open klasse. Det resulterte i at vi vart nr 1 av 8! Vi slo til og med Werner Barth, gruppa frå Dåm og Drag. Dette kjem vi til å leve lenge på. Vi rota oss til Kongsberg på Landskappleik ein gong, men det vart for stort for oss.
 
Ferske kappleiksarrangørar
Spelemannslaget Havella har arrangert Fylkeskappleiken to gonger. Først i 2001, sist i 2009. Det er litt spesielt å arrangere kappleik med ei foreldregruppe, der ingen av styremedlema er aktive spelarar, og styret vert no skifta frå tid til anna. Men vi har gjort det på vår måte, lagt sjela vår i flotte premier laga av lokale kunstnarar, fått inn sponsormidlar slik at vi kunne ha gratis inngang. Det er ikkje berre å få med seg bygdefolket på eit folkemusikkarrangement når dei ikkje har nokon tradisjon for slikt. Men når vi gjorde kappleiken gratis for alle, og slo det stort opp med annonsering, vart dørstokken så lav at jammen kom det folk! På kulturkvelden måtte vi sette inn ekstra stolar. Men litt av suksessen var nok at vi tok inn fleire aktørar frå kulturlivet i kommunen.
 
Å ta vare på det folkelege
Berre kappleikar hadde vorte for einsformig. Vi har kvart semester eit nytt samarbeidsprosjekt. Vi har spelt med korps, kor, høgt til fjells i friluftsgudsteneste, hatt mykje godt samarbeid med organisten i kyrkja, underhalde i bunadseglas på Hurtigruta, i sansehager, på institusjonar, julefestar, basarar, kulturmønstringar, sjokoladekappleikar, jubileum, bryllup, ulike stemner, Tunkonsert, Kulturminnedag, og sjølvsagt må nemnast alle elevkonsertane i kulturskulen. For vi er kulturskulen sitt spelemannslag, og dei eldste gutane vi har med no har rukke å blitt 19 år. Så då kan vi vel seie å ha spele”menn” også.
 
Dette med å vere allsidige har vi tru på i laget vårt. Vi seier ofte at vi spelar folkeleg musikk, ikkje gammaldans! Det passer ikkje inn i det Havella leverer. I Herøy og langs kysten elles er det ikkje samla inn så mykje folkemusikk. Det er vel ulike årsaker til dette, kanskje har pietismen spela ei rolle her. Felespeling var synd, folk brende felene sine skriv historieforteljarane. Men vi finn mange feler på lofta rundt om. Den religiøse folkemusikken stod sterkt. Akkurat dei religiøse folketonane har vi sett stor pris på, og springarar frå Sunnmøre elles har vi kosa oss med mang ein gong. Jostein Fet har ”mata” oss med springarar, gode valsar, fine bruremarsjer og brudeslåtter.
 
Lokal musikk og eigen cd
Vi har dokumentert ein slåttekomponist, Paul Tonning, som levde i Herøy rundt århundreskiftet 18-1900, men dei to springarane vi har etter han, er så vanskelege at dei færraste av utøvarane våre meistrar desse. Men dei har vore spelde på Fylkeskappleik.
 
Etter påtrykk frå rektor i Kulturskulen, tok vi fatt med innspelingar av musikken vår. Vi spelte inn 2-3 slåtter kvar gong, med kulturskulen sitt eige utstyr. Rektor sjølv var teknikar. Om det finnest lite dokumentasjon frå før, var det vel på tide å starte no. Meininga var å ferdigstille cd`en til kappleiken i 2009 slik at alle kunne få ein i deltakarpremie, men det greidde vi ikkje. I 2010 vart den ferdig.
 
Til slutt må miljøet vårt nemnast.
Det er ein unik gjeng barn og unge spelarar i Havella. Det vert som ei stor familie! I 2012 tel vi ca 30 spelarar fordelt på to lag. Juniorane øver kvar andre veke, og dei eldste øver dei andre vekene. Alle har hatt eller har undervisning i kulturskulen, og i den individuelle opplæringa er det ikkje slåttespel. Her er det suzukiopplegg, Agnestig og elles andre lærebøker med etyder og det som høyrer til. Spelarane deltek på ulike orkesterkurs, og nokre få reiser til Volda og blir med i ungdomssymfoniorkesteret der. Men Havella er Herøy sitt, og vi er så stolt av miljøet vårt.
 
På Havellaøving skjer det ofte at musikalsk leiar har med kanelsnurrer, eller vi ringer impulsivt og bestiller ein pizza. Kos må til! Dei siste åra har vi hatt fleire sosiale treff i lag med dansarane i Ålesund spelemannslag. Her er også gjennomsnittsalderen låg, like eins med dansarane på Hellesylt. Før jul hadde vi juleavslutning i lag med Ålesundarane med nissehuer og ”Tjo og Hei”. Kjempeartig! Eit år tilbake i tid hadde vi gjestar frå strykeorkestert Indre Strøk frå Ålesund, eit alternativ til slåttane. Det vart ei fin sommaravrunding.
 
Havella er inne i sitt 21. år. Håper vi får halde på vidare med å inspirere unge speletauser og –gutar.
 
Her finn du eit utval lydfiler frå cd-en deira
 
Spelemannslaget Havella.
Spelemannslaget Havella på kappleik
 
Open klasse
Open klasse - gruppa som gjorde det så sterkt

Folkemusikk.no påminn om prisen til årets lokallag. FolkOrg ynskjer å løfta fram det gode arbeidet som lokallaga gjer gjennom mellom anna å dela ut prisen for ”Årets lokallag”. Fristen for innsending er 15. juni. Forslag skal sendast inn til rannveig@folkemusikk.no.