– Eg saknar å ha tid til å spele meir solo eg, men når ein held på med så mange andre prosjekt blir det litt lite tid til det. Og det er umogleg å nå over alt.

For Luksengård Mjelva er ein særs aktiv spelemann. Han vart kåra til årets norske folkemusikar i fjor. Han medverka på ikkje mindre enn fire plater utgitt i 2013, og det blir minst like mange i år. I tillegg er det turnear, konsertar – og Riksscenen. Og når Olav Luksengård Mjelva er månadens artist på Riksscenen skjer det gjennom tre konsertar der spelemannen spelar saman med andre. 

– Alle dei tre konsertane eg gjer på Riksscenen i haust er samspelkonsertar. Det er ein ganske liten marknad for solojobbar, og det er meir triveleg å turnere saman med folk enn aleine, seier Luksengård Mjelva, som har med seg tradisjonsmusikken frå to ulike familiegreiner, to ulike delar av landet: Hallingdal og Røros-traktene.  

Men i mange av sine samspelprosjekt ser Luksengård Mjelva utover både distriktsgrenser og landegrenser når han vel samarbeidspartnarar. Pianisten Alexander Zethson, og felespelarane Anders Hall og Kevin Henderson har alle anna pass enn sørtrøndaren Luksengård Mjelva. 

– Eg veit ikkje om det kan ha noko med min forkjærleik for arrangert folkemusikk å gjere, men eg trivst godt i lag med svenske folkemusikarar til dømes. Svenskane var tidleg ute med  arrangert folkemusikk, og har ofte eit litt opnare og anna syn på arrangering enn ein del norske folkemusikarar. 


«Det bruker å bli mykje ”dritprat”, særleg mellom Shetland og Sverige – med meg som meklar i midten»



Samspelprosjekta Luksengård Mjelva kjem til Riksscenen med, kan stutt oppsummerast med to innarbeidde konsept – og to nye. 

– Nordic Fiddlers Bloc er den gruppa eg spelar kan hende mest med, men sjølv om eg har vore ein del på Riksscenen før, har eg aldri vore der saman med dei. 

Luksengård Mjelva skildrar Nordic Fiddlers Bloc som eit ”uvanleg” prosjekt. 

– Det er ganske uvanleg å sette saman tre tradisjonar, folkemusikk frå Sverige, Shetland og Noreg, i tillegg til at vi blandar fele og hardingfele, noko svært få har gjort og gjer, fortel han. 

Og sjølv om det er tre naboland som møtast, er det ikkje fritt for etniske konfliktar… 

– Det bruker å bli mykje ”dritprat”, særleg mellom Shetland og Sverige – med meg som meklar i midten, ler Luksengård Mjelva. 


«Det var ei ganske bisarr oppleving»


Sverige er også representert når Mjelva tek med seg pianisten Anders Zethson til Riksscenen. Og det eksperimentelle er også med, når Luksengård Mjelva lovar springar og laus på piano! – Siste konserten blir eit gjensyn med Sver. SVER har nesten ikkje spelt som kvintett dei siste tre åra, men satsa fullt ut på samarbeidet med reggaeartisten Snakka San. No er det comeback, og det gler eg meg veldig til, seier Olav. 

Men fyrst på kvelden er det premiere på det nye prosjektet Balder, med mellom andre Georg Buljo. 

– Eg og Georg spelte faktisk saman på opninga av sjakk-VM i India i fjor. Det var ei ganske bisarr oppleving, men vi fekk uansett lyst til å spele meir saman. Nå har vi vore i studioet til Georg og spelt øvd inn heilt nyskrivne låtar – eg håper og trur det blir tøft, smiler Luksengård Mjelva.