Fotograf Morten Krogvold
Fotograf Morten Krogvold

Våre førebilete

"Vi har lenge savnet en identitetsmarkør på Riksscenen. Noe som gjør at når du kommer inn i våre lokaler, så hersker det ingen tvil om hva og hvem Riksscenen er til for."

I forkant av sesongens fyrste konsert avdukar Riksscenen løysinga på denne utfordringa. Samstundes som ho skal vera ein identitetsmarkør er ho også ein hyllest til nokre av våre framste tradisjonsberarar dei siste tiåra. Utøvarar som alle har vore førebilete for etterfølgade generasjonar og som representerer heile breidda i sjangeren og det nasjonale mangfaldet.

Ein av våre framste fotokunstnarar, Morten Krogvold, har fått i oppdrag å portrettere 11 staute og sterke personlegdomar som skal ynskje publikum velkomen til konsert i åra som kjem.

Kjem du til Riksscenen på laurdag kl 19.00 kan du få med deg opninga av denne utstillinga. Frå kl. 20 blir det konsert og dansefest med P. A. Røstads orkester.

P.A. Røstads orkester
P.A. Røstads orkester

Tingingsverk og dansefest

P. A. Røstads orkester står for rytmisk drivande norsk gamaldansmusikk. I fjor hadde dei 50-årsjubileum og feira med premiere på det spesialskrivne tingingsverket “Jubel” av Gjermund Larsen. På laurdag kjem dei med både Gjermund og tingingsverket, samt spelar opp til dansefesten.

Tett på med Annbjørg Lien og Sondre Bratland
Tett på med Annbjørg Lien og Sondre Bratland 31. august

Programhausten

Hausten elles byr på aktuelle artistar, jam og dans på Folk på torsdag, dei råaste blant dei råe på Bakkjens Basar, gjensyn og overraskingar med Månadens artist, folkemusikkens svar på bokbadet i Tett på, høve til å svinge seg på Folkedansen, møter med dei framste samiske artistane våre i Buljos Bidos, høg temperatur og energiske rytmer i Indris Latinerkvarter, opplevingar for dei yngste i LilleRIKSEN og høgde under taket i Åpen klasse.

Fiona Talkington med ny Conexions-serie
Fiona Talkington

Folk Conexions

Nytt av året er konsertserien Folk Conexions, eit treåring utvekslingsprosjekt mellom engelske og norske folkemusikarar. 

Gjennom ei lang historie forankra i keltiske og norske tradisjonar finst det i dag tette band mellom norske folkemusikkutøvarar og skotsk og irsk musikkliv. Det er derimot ikkje tilsvarende tette band til dei engelske folkemusikkmiljøa til trass for mykje felles historikk, mange spennande artistar og stor aktivitet. 

Fiona Talkington har i ei årrekke gjennom sitt program Late Junction på BBC Radio 3 og som skribent i Songlines gjort ein kjempeinnsats for å promotere norsk musikk i UK og resten av Europa. Riksscenen har gitt Fiona ansvaret for Conexions-serien med samproduksjonar mellom norske og engelske folkemusikarar som også skal visast på scener i England. 

Håkon Høgemo
Håkon Høgemo

NO + ENG = sant

Folk Conexions er støtta av UD og vil bidra til at våre beste musikarar kan knyte sterkare band til leiande engelske folkemusikarar slik at dei kan lære av kvarandre og bidra til vidare utvikling av folkemusikkfeltet. I alt skal Riksscenen gjennomføre åtte slike musikermøte dei neste tre åra.

Fyrst ut er Sam Lee, Susanne Lundeng og Javid Afsari Rad m.fl. i september, og Eliza & Martin Carthy og Håkon Høgemo m.fl. i oktober.
Følg med, dette blir spennande!