«Årets Folkemusikkarrangør» er ein pris som vert delt ut av FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedans. Prisen skal synleggjere godt arrangørarbeid, og heidre dei beste arrangørane på folkemusikkfeltet. Samstundes skal prisen stimulere til dialog, idéutveksling og utvikling på arrangørfeltet. Prisen er på 10 000 kroner. 
 
I år gjekk prisen til Riksscenen - den nasjonale scena for folkemusikk og – dans. 
 
- Arrangøren har sidan etableringa vist kunnskap om kvalitet og tradisjonsmusikk, og har på ein god måte også drege dansen inn i fleire samanhengar. Med sine over 100 konsertar, framsyningar og kurs årleg, og med ei lang rekke programkonsept for store og små har den  blitt ei vital og mangfaldig scene for folkemusikk og – dans i Noreg, heiter det i grunngjevinga frå styret i FolkOrg. 
 
- Publikum i alle aldrar har høve til å oppleve heile spekteret av det folkemusikken og -dansen har å by på , og det er godt samarbeid med andre aktørar som gjev  eit bilde av kva som skjer rundt om i landet. Det er òg etablert ein profesjonell adminstrasjon med god kompetanse og god økonomistyring, heiter det. 
 
Dei to andre nominerte til prisen for «Årets folkemusikkarrangør 2013» var Vågå spel- og dansarlag i Våga og Trad Sessions i Fredrikstad. 
 
Her kan du lese presentasjon av Riksscenen, som vart publisert på folkemusikk.no i forkant av utdelinga.

Eiker er «Årets lokallag 2013»

 «Årets lokallag» er ein pris som vert delt ut av FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedans. I år går prisen til det laget som har gjort eit spesielt godt arbeid for revitalisering av lokale folkemusikk - og folkedanstradisjonar. Prisen er på 10 000 kroner. 

 
I år gjekk prisen til Eiker Spelemannslag og deira arbeid for dei lokale folkemusikktradisjonane i Eiker-området.  
 
- Eiker Spelemannslag har gjort eit grundig arbeid gjennom å leite i arkiv, teikne ned innspelingar på notar, og etterlysing av stoff gjennom lokalmedia. Det siste er arbeidskrevjande, men eit verdfullt supplement for å få tak i slåttar og informasjon der arkiva ikkje strekk til, heiter det i grunngjevinga frå styret i FolkOrg.  
 
Etter lang leiting har dei no namn på 11 aktuelle spelemenn og nok materiale til ein konsert. I oktober kan ein høyre resultatet av skattejakta under ein større jubileumskonsert i regi av spelemannslaget. 
 
- Arbeidet til Eiker Spelemannslag fyller på ein framifrå måte kriteriet for «årets lokallag» i 2013: Revitalisering av lokale folkemusikk - og folkedanstradisjonar.
 
Dei andre nominerte lokallaga var Hardanger Spelemannslag og Naustedalen Spelemannslag. 
 
Her kan du lese presentasjon av Eiker Spelemannslag, som vart publisert på folkemusikk.no i forkant av utdelinga.