Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Jan Beitohaugen Granli:

På Beitohaugen

Jan Beitohaugen Granli - På Beitohaugen (Ta:lik, 2010)

Jan Beitohaugen Granli - På Beitohaugen (Ta:lik, 2010)

Femdobbelt vinnar av Landskappleiken, Jan Beitohaugen Granli, kjem her med den andre soloplata si. CDen er spekka med låttar i tradisjon frå Beitohaugen i Øystre Slidre.

Folkemusikk.no siterer her Jan Beitohaugen Granlis egen innledning til platen:

"Mine fyrste møte med dette spelet frå Beito, var i lag med bestefar min, Ola Beitohaugen (1919-1996). ”Beste” var frå garden Rødningen i Robølsbygda, og han busette seg seinare på Leira. Av yrke var han slaktar og pølsemakar. Han hadde eit særleg godt handlag med dyr og var ein drivande god dansar. Mange var turane me hadde rundt om i Valdres i den kvite Toyota Corollaen han køyrde, og då var Engebret Beitohaugen alltid med i kassettspelaren. Bestefar køyrde då helst ein sideveg og fortalde om gardar og hendingar. Me åt sitrondrops og kosa oss verre. Me hadde god tid når me fyrst var komne i bilen, og kassetten gjekk gjerne meir enn ein gong rundt kvar tur. Beste syntest det var stor stas at eg byrja med felespel, og han nytta høva til å danse når det baud seg. Det var alltid ekstra moro når bestefar kasta seg med i dansen på Slidrehuset på Hilme-stemnet.

Etter at bestefar og bestemor vart borte i 1996/97, kom kassetten med Engebret litt på avstand, men i seinare år har digitaliseringa ført oss i lag att. CD i bil og mp3-filer i lomma gjer at musikken får plass; på flyplassar og trikkar, i ventekø hjå byråkratar, bak scena før ei framføring eller ved ein stille elvefløt på fisketur. Eg nyt musikken kvar eg ferdast og har gjerne gjort meg nye tankar lenge før neste speleøkt. Minna sit djupt og gledene er mange frå dagane med bestefar. Eg trur dei fargar forholdet mitt til felemusikk på mange måtar. Eg var ein liten gut som fekk ta del i ei verd som var framand og unik, men likevel veldig trygg og kjend så lenge bestefar var med.

Denne plata er ikkje meint som ein kopi av Engebret sitt spel, men eg ynskjer å syne litt av kva han har betydd for meg, og kor sterk eg synest denne musikken er. Gløymde låttar og vrange tak som karane på Beitohaugen sat inne med, representerer eit spel som synest å bli borte i dag. Desse låttane blomstra i spelmiljøa i Øystre Slidre på 1900-talet. Mange og gode er låttane som me held i hevd på kappleikscena og i danselokala i dag, men dei er på ein annan måte enn desse løynde, rare låttane. I arbeidet med denne plata har eg funne mange interessante og gode tema å fordjupe meg i. Vonleg vil du òg høyre valdresspelet med andre øyre etter du har høyrt gjennom henne. Velkomen til ei speleøkt i stova på Beitohaugen!"

Interesserte finner en større omtale hos Aftenposten på denne siden.  


| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - Norwegian