På forsommaren vart det klart at redaktøren for bladet Folkemusikk, Knut Aastad Bråten vart tilsett som ny redaktør i tidsskriftet Syn og Segn. Bråten fekk eitt års permisjon frå redaktørjobben i bladet Folkemusikk, og stillinga vart lyst ut. I løpet av sommaren kom det inn totalt 10 søkarar til vikariatet, og til slutt falt valet på Bjørn Sletten, journalist i lokalavisa Dølen i Gudbrandsdalen. 

Kvifor ville du bli redaktør i bladet Folkemusikk?

- Fordi eg synest det var ein interessant jobb, og det verka spennande å få jobbe med eit magasin som tek for seg eit så breitt og innhaldsrikt felt som folkemusikk, -dans og folkekulturen. For det er fullt av gode historier i folkemusikken, og dei vil eg få fram. 

Sletten tek no over eit av landets lengstlevande musikktidsskrift. Sjølv om bladet Folkemusikk vart lansert i 2010, byggjer det på det gamle Spelemannsbladet og Kvinten som kvar for seg har ei lang historikk.

Korleis ser du på å ta over eit slikt blad? 

- Det er med ei viss ærefrykt at eg gjer dette. Eg kjenner jo litt på at det har vore krefter som har helde bladet i live i over 70-år. Det seier mykje om vitaliteten i miljøet og kor viktig bladet er og har vore for dette feltet, fortel Sletten. 

- Eg er også audmjuk overfor den jobben som Knut Aastad Bråten har gjort med å utvikle bladet, og det er viktig at ein klarer å ta det med seg vidare. Det trengs heilt klart eit sterkt blad, og sterke stemmer på redaksjonell plass som står opp for folkemusikken. Der har Knut vore dyktig.

“Eg er ikkje redd for å dra opp debattar, men eg har som mål å sette fokus på løysningar.”

Bjørn Sletten

Tett på kjeldene

Korleis vil lesarane merke at du kjem inn som redaktør? 

- Lesarane skal merke at det kjem inn ein ny redaktør. Eg vil jobbe for å få til eit så breitt kjeldegrunnlag som mogleg. Det er mange stemmer i folkemusikkmiljøet, og eg vil prøve å rydde plass til enda fleire enn dei som kjem til orde i dag, fortel Sletten som meiner erfaringane frå lokalavisa vil bli nyttige i arbeidet med bladet.

- I jobben min som lokalavisjournalist har eg heile tida vore svært opptatt av å lyfte fram "vanlege" folk, og gje dei plass i spaltene framfor rådmenn og ordførarar. Eg må vera nær på kjeldene. Det er da ein får fram nyansane, og dei gode historiene.

- For meg er det like viktig og interessant å prate med ein 10-åring som nettopp har byrja å spele fele, som det er å prate med leiarane på folkemusikkfeltet. Og eg meiner det kan vera minst like interessant å lese om også.

“Eg vil at vi skal vera meir tilstades der folk ferdast”

Anne M. Steine
Bjørn Sletten. Foto: Anne M. Steine

Verdt å snakke varmt om

Kva er dine visjonar for det nye bladet?

- Bladet skal opplevast som relevant og viktig for folk, og eg vil at det skal være eit “must” å lese bladet Folkemusikk. Folk skal glede seg til å få bladet i postkassa.

-  Eg er oppteken av å skape entusiasme for folkemusikken både i og utanfor miljøet. Bladet skal vere ein arena for engasjement og entusiasme, både på folkemusikkfeltet, hos folkemusikarane og -dansarane, men også hos folkemusikkinteressert publikum generelt. 

På dette punktet meiner Sletten ein kan lære ein del av landbruksnæringa. 

- Dei siste par åra har det skjedd ei markant endring i retorikk rundt landbruket frå næringa sjølve, etter at dei har vore flinke til å snakka ned eigen næring i fleire tiår. Eg meiner ein allereie nå kan spore meir positive haldningar og optimisme i landbruket. Ei tilsvarande haldningsendring, eller i alle fall sjølvransaking,  innafor folkemusikkmiljøet, trur eg på. Vi må vera mykje meir stolte av det vi har. Den norske folkemusikkarven er verdt å snakke varmt om, meiner den påtroppande redaktøren. 

- Og så er eg opptatt av å vere løysningsorientert. Eg er ikkje redd for å dra opp debattar, men eg har som mål å sette fokus på løysningar. Ikkje dra opp debatter berre for å vere kritisk.

“For meg er det like viktig og interessant å prate med ein 10-åring som nettopp har byrja å spele fele, som det er å prate med leiarane på folkemusikkfeltet.”

Vil vera der folk ferdast

Er det spesielle saker du ønskjer å trekke fram eller setje fokus på? 

- Det vil eg bruka tida på framover no, men det er ein del saker som eg meiner burde vore grundigare belyst på redaksjonell plass. Eg trur folkemusikken i folks kvardag vil få ein meir framtredande plass i bladet med meg som redaktør. Eg vil at vi skal vera meir tilstades der folk ferdast – på øvingar, kappleikar og dansefestar. 

Bjørn Sletten tek til i jobben som redaktør 1. november, og februar-utgåva av bladet vert hans fyrste utgjeving som ny redaktør. Han kjem til å ha kontor i Midt-Gudbrandsdal Næringshage på Vinstra.