Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Arne M. Sølvberg

Ny glød

Platecover_NyGlød_ArneMSølvberg

Slåttar spelt på feler med tarmstrengar.

Den 62 år gamle Arne M. Sølvberg frå Stryn har fått nær sagt alle dei prisar og heidersteikn ein norsk spelemann kan få. Han har vunne Landskappleiken både i felespel og dans, fått Spellemannprisen, kulturprisen for Stryn, folkemusikkprisen for Sogn og Fjordane, H. M. Kongens fortenestemedalje og vart på Landskappleiken i fjor utnemnd til heidersmedlem i FolkOrg. Han er også hatt Statens kunstnarstipend i to periodar på til saman
fem år. Arne finn inspirasjon til fornying ved heile tida å grave i historia til folkemusikken og dansen, samtidig som dette er hans eige samtidsuttrykk. Han har og lag ei rekkje med nye slåttar.

På den nye plata spelar Arne M. Sølvberg på tarmstrengar, slik dei gjorde før i tida. Mykje av stoffet på plata er etter Paul Berstad (1908-93) frå Selje. Paul Berstad var både ein glimrande songar og ein drivande god felespelar, med eit rikt slåtteutval, som han hadde etter grannen, Hans M.Berstad (1869-1928), ofta kalla Bertadhaugen.

Arne finn inspirasjon til fornying ved heile tida å grave i historia til folkemusikken og dansen, samtidig som dette er hans eige samtidsuttrykk. Han har med ein del nye slåttar. Dei 26 melodiane på ”Ny glød” syner stort mangfald frå ville nordfjordspringarar og hallingar til slåttar av typen bruremarsj, vals, reinlendar, hamborgar og masurka, for så å roe ned til slutt med eit nokre salmetonar frå Nordfjord. Det aller meste av denne musikken har aldri tidlegare vore å få på plate.

Det er Lærdal Musikkproduksjon / Musikkoperatørene som står bak utgjevinga

Lytt / kjøp


 


| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk