Langeleiktradisjonen er spreidd over heile landet, men med hovudvekt i Valdres. Om lag 1000 langeleikar er produsert i nyare tid. Miljøet er likevel ikkje stort. Interessa for instrumentet går tidvis i bylgjedalar. Nettopp difor er det viktig at Norsk langeleikforum blir etablert. Det norske langeleikmiljøet treng eit eige fora der musikken og instrumentet får særskilt fokus.

Norsk langeleikforum har som mål å vera ein møtestad for utøvarar, instrumentbyggjarar og andre med interesse for langeleiken. Norsk langeleikforum skal arbeide for å ta vare på, vidareføre og formidle kunnskap om spel og instrument. Forumet skal òg arbeide for å gjera kunnskapen synleg og tilgjengeleg, med tanke på å auke kunnskapsnivå og interesse for langeleiken.

Norsk langeleikforum skal skipe til samlingar, seminar, konsertar og drive opplæringsarbeid gjennom kurs, gjerne i tilknyting til arrangement og/eller i samarbeid med andre organisasjonar.

Arbeidet med etableringa av eit framtidig Norsk langeleikforum kom i gang hausten 2008. Det vart sett ned eit interimstyre med Svein Arne Mæhlum, Marit Steinsrud, Turid Berge, Bent Åserud, Knut Aastad Bråten og Elisabeth Kværne.

Styret for 2009-2010 er:
Turid Berge, leiar, vald for eitt år
Marit Steinsrud, styremedlem, vald for to år
Sigurd Braathen, styremedlem, vald for to år
Gunvor Hegge, styremedlem, vald for eitt år
Ingar Ranheim, styremedlem, vald for eitt år
Kari Hagaset, varamedlem, vald for eitt år
Elisabeth Kværne, varamedlem, vald for eitt år
Bent Åserud, varamedlem, vald for eitt år

Du kan nå leiaren her:
E-post: turber@online.no/ turid.berge@okonor.no
Tlf.: 934 52 808