Instedalens spelemannslag, før dei vart til Naustedalen Spelemannslag.

Naustedalen Spelemannslag blei starta for 60 år sidan av leiaren for idrettslaget i bygda, som hadde bruk for underhaldning og dansemusikk på laget sine festar og tilskipingar. Spelemennene som kalla seg Instedalen Spelemannslag kom frå ein liten del av kommunen og nytta hardingfele, trekkspel og gitar. Alt andre året laget var i gang, spelte medlemmane i seks bondebryllaup og ei rekke andre tilskipingar.

Etter 15 års aktivitet blei det så stor interesse for laget at det blei med medlemmar frå heile kommunen. Namnet vart endra til Naustedalen Spelemannslag og laget melde seg inn i Landslaget for Spelemenn. No har laget kring 60 medlemmar.

I alle år har laget hatt stor aktivitet. Sidan kommunen ikkje har fungerande kulturskule blir all folkemusikk- og danseopplæring organisert av laget sjølv. Laget starta sin eigen folkedansskule som har hatt opp til 50 elevar. For tida har laget i gang nybyrjarkurs på hardingfele og torader. Kvar onsdag spelar laget for den populære onsdagsdansen i Naustdal med 60 - 80 vaksne deltakarar som dansar runddans, turdansar og bygdedans.

Nytt liv i gamle tradisjonar

På 70-talet tok laget initiativ til å filme dei siste som dansa den gamle springaren i Naustdal, slik at denne er tatt vare på og er i bruk igjen no. Med støtte frå laget har medlemer samla historia om folkemusikken/dansen i laget sitt område og gitt ut hefter med historia om spelemennene og notar av musikken. Notehefta inneheld 110 slåttar.
Naustedalen Spelemannslag - LOGO
Då durspeltradisjonen heldt på å døy ut i distriktet greip spelemannslaget tak i dette, fann gamle spelemenn som framleis var aktive og samla musikalsk stoff. No er det omlag 15 aktive durspelarar i laget. Laget tok og til med å blåse liv i ein døyande munnspeltradisjon for 3 år sidan og skipa til kurs i tradisjonsspel på munnspel i Naustdal. Dette har blitt ein "sjølvgåande" institusjon med kurs på Vinstra i 2011 i Trondheim i 2012 og skal ha kurs i Hornindal 26.-28 april i år. Kvart kurs har samla kring 20 deltakarar frå heile Sør-Noreg, men til kurset i Hornindal er det påmeldt nær 30. Hardingfela har vore det dominerande instrumentet i laget, men historia syner og musikken tyder på at vanleg fele var i bruk før hardingfela kom for omlag 100 år sidan. Difor har laget skipa ei eiga gruppe med spel på vanleg fele. Instrumenta som er i bruk i laget no er hardingfele, vanleg fele, torader, trekkspel, gitar og kontrabass.

Eit aktivt lag

Laget har spelt inn to LP-plater, ei CD-plate, ein kassett og ein samle-CD med lokal slåttemusikk. Den første var i 1975 med Kåre Korneliussen sitt plateselskap Aksent. Laget har òg delteke på alle landsfestivalane og alle fylkeskappleikane som har vore halde etter at laget vart skipa. Laget har hatt tre konsertturar til USA og ein tur til Østerrike. Spesielt er kontakten med USA god og laget har hatt mange besøk av spelemenn og dansarar med skandinavisk tradisjon frå midt-vesten og vestkysten av USA.

Laget skipar til eigne festar med innbodne gjeste-spelemannslag to gonger i året. Laget har også teke på seg fylkeskappleikar og Vestlandskappleikar og har vore med å skipa til Landskappleiken i nabobygda Førde to gonger.

Ellers laget flinke til å oppdatere heimesidene med bilete og informasjon. 

> HEIMESIDENE TIL NAUSTEDAL SPELEMANNSLAG

 

Om FolkOrg og «Årets lokallag»

FolkOrg har i dag kring 5000 einskildmedlemmer, og dei fleste av desse er knytt opp mot våre 150 mangfaldige lokale spel – og danselag. Lokallaga er ryggraden i organisasjonen og syner stor aktivitet gjennom mellom anna:

  • Rekrutteringsarbeid og vidareføring av tradisjonane innan folkedans- og musikk.
  • Arrangering av kappleikar, konsertar og andre arrangement.
  • Formidling og synleggjering av norsk folkemusikk – og folkedans både på lokalt, regionalt, nasjonalt og til tider internasjonalt nivå.

FolkOrg ynskjer å løfta fram det gode arbeidet som lokallaga gjer gjennom mellom anna å dela ut prisen for ”Årets lokallag”.