Etter at meisterspelemannen Sigbjørn Bernhoft Osa hadde spela på ei tilskiping på Heimtun Folkehøgskule i Øvre Eiker kommune på starten av 70-talet, blei den musikalske gløden for alvor tent hjå dei mange som sat i salen. Kort tid etter vart Eiker Spelemannslag stifta, og allereie frå starten i 1971 samla laget medlemmer frå Øvre Eiker, Nedre Eiker, Drammen, Modum og Kongsberg. Slik er det òg i dag.

Ulike Eiker-tradisjonar

På Øvre Eiker var det lange musikktradisjonar. Tor Ødegård og Anders Fossesholm var markante spelemenn frå området, og fekk i 1930-åra spele i NRK. Etter krigen spela Eivind Warlo i folkemusikkhalvtimen, og Åsmund Kristoffersen frå Vestfossen, "Noregsmeister" på trekkspel før krigen, var i mange år musikalsk leiar i laget. Musikktradisjonane i Nedre Eiker derimot har ikkje vore like sterke og ikkje hatt same mangfaldet. Ein kjente i liten grad til tradisjonane, og i dette området var det stort sett trekkspelvirtuosen Kåre Korneliussen som dominerte. Han komponerte eit utal av melodiar, og spelte dei ofte saman med spelemannen Eivind Warlo. Korneliussen danna trioar, kvartettar og kvintettar som spelte gamaldansmusikk, i NRK og på ulike turnéar rundt om i landet. Laget nyttar i dag lite av dette materialet i sitt repertoar.
Logo Eiker Spelemannslag

Jakta på gammaldansslåttane

I 2011, etter 40 års verksemd, fekk laget ideen om å gå aktivt inn for å leite opp eldre gamaldansmusikk frå Nedre Eiker-området. Målet var å framføre musikken på ein temakonsert: Gamaldansmusikk frå Nedre Eiker. Spelemannen Eivind Warlo skreiv nesten all musikken sin medan han budde i Nedre Eiker, men dette var ikkje nok til ein konsert. Ein måtte ut på leit. Ein visste at laget på 1970- og 1980-talet hadde spela Korneliussens «Vesle-Påls vals» og Karl Holmens «Masurka fra Krokstadelva». Lagsmedlem Steinar Bottegård frå Nedre Eiker har elles laga to slåttar som òg er på repertoaret til Eiker Spelemannslag. Jakta gjekk vidare til Eiker arkiv, eit arkiv for lokalhistorisk stoff. Der fann laget ei grammofoninnspeling frå om lag 1910 (Hole og Wilthil). Eit anna funn i arkivet var Marius Steen som spela inn «Svalevalsen» i 1919. Men notar til desse slåttane var ikkje å oppdrive, så musikalsk leiar i laget, Bente Storbakken, starta arbeidet med å velje ut slåttar og skrive ned noter "etter øyret" i samarbeid med Morten Brekke. Vidare tok laget kontakt med lokalavisa Eikerbladet som laga ei sak om prosjektet, og laget inviterte folk som visste om spelemenn, notar eller slåttar om å melde i frå. Då kom dei på sporet etter Svein Hunstadbråten, Almar Oseth og Egil Oseth.

Temakonsert til hausten

No har dei namn på 11 aktuelle spelemenn og nok slåttar til ein konsert i Folkets Hus i Nedre Eiker til hausten. Dei fleste slåttane har ikkje blitt spela på ei scene på bortimot eit halvt århundre, og truleg er Eiker Spelemannslag åleine om å spele dei. No vil dei vera på repertoaret i åra som kjem. Slik vil prosjektet til Eiker Spelemannslag føre til at denne typen musikk ikkje så fort blir heilt framand for folk. Nå vonar dei at folk på Eiker, og andre, får det same "kicket" som folk fekk av meisterspelaren Sigbjørn Bernhoft Osa i 1971.


> LES MEIR PÅ HEIMESIDENE TIL EIKER SPELEMANNSLAG

 

Om FolkOrg og «Årets lokallag»

FolkOrg har i dag kring 5000 einskildmedlemmer, og dei fleste av desse er knytt opp mot våre 150 mangfaldige lokale spel – og danselag. Lokallaga er ryggraden i organisasjonen og syner stor aktivitet gjennom mellom anna:

  • Rekrutteringsarbeid og vidareføring av tradisjonane innan folkedans- og musikk.
  • Arrangering av kappleikar, konsertar og andre arrangement.
  • Formidling og synleggjering av norsk folkemusikk – og folkedans både på lokalt, regionalt, nasjonalt og til tider internasjonalt nivå.

FolkOrg ynskjer å løfta fram det gode arbeidet som lokallaga gjer gjennom mellom anna å dela ut prisen for ”Årets lokallag”.