Riksscenen vart formelt etablert som ei stifting i 2007 av Juoigiid Searvi, Landslaget for Spelemenn, Noregs Ungdomslag, Norsk Folkemusikk- og Danselag og Samspill International Music Network. Etter nokre år på andre stader rundt om i Oslo flytta dei inn i dei nye lokala i Schous Kulturbryggeri på Grünerløkka i Oslo hausten 2009. Den offisielle opninga av huset gjekk føre seg i september 2010, i samband med Folkelarm. Scena har som føremål å vere ein nasjonal møteplass for aktørar innanfor sektoren og publikum, og ønskjer ”å spegle heile det rike folkemusikkspekteret i Noreg i dag; norsk folkemusikk, samisk musikk, sigøynermusikk, tatermusikk, folkedans og -musikk frå andre delar av verda.” Publikum i alle aldrar har høve til å oppleve heile spekteret av det folkemusikken og -dansen har å by på, med programkonsept som Bakkjens Basar, Dansedykk, Tett på, Dansescenen, LilleRiksen, Open klasse, Folk på Torsdag (i samarbeid med OsloFolk), Bugges session og månadens artist m.fl. No har dei meir enn 150 arrangement årleg. Dei fleste er eigne arrangement, men salane vert også leigd ut til andre aktørar. Riksscenen har i alt tre konsertsalar der den største har publikumskapasitet på 280 sittande i amfi. Publikumstala for hausten 2012 syner at pilene pekar oppover, og den gode utviklinga har halde fram utover våren.
Helge Skansen - Riksscenen - høyt
Dagleg leiar på Riksscenen, Helge Skansen.

Vi stilte tre spørsmål til dagleg leiar på Riksscenen, Helge Skansen. 


Kva meiner du kjenneteiknar ein god konsert? 
- At det kunstnarane leverer frå scena er bra, at publikum har stilt opp og at heile apparatet rundt yter maksimalt.
 
Kva for styrke har de som arrangør?  
- Vi har eit fantastisk godt utstyrt hus med dyktige medarbeidarar. Riksscenen er unik, også i europeisk samanheng, i den forstand at så mykje ressursar er sett av til å presentere og vidareutvikle scenisk folkemusikk og folkedans på heilårsbasis.
 
Korleis ser ditt draumearrangement ut?  
- At magi blir til i møtet mellom artistar og publikum på ei utseld hovudscene. Ein kjenner det reint fysisk – publikum strålar på vegen ut og artistane sit slitne og kjempeglade backstage og veit at dei har ytt det beste dei har. 
 

> HEIMESIDENE TIL RIKSSCENEN

> RIKSSCENEN PÅ FACEBOOK

Om Prisen «Årets Folkemusikkarrangør»
«Årets Folkemusikkarrangør» en pris som eies av FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedans. Prisen som skal synliggjøre godt arrangørarbeid, og hedre de beste arrangørene. Samtidig skal prisen stimulere til dialog, idéutveksling  og utvikling på arrangørfeltet. 

 
Kriterier for «Årets folkemusikkarrangør»
«Årets folkemusikkarrangør» velges av styret i FolkOrg, på bakgrunn av nominasjoner. Det er åpen nominasjon, og arrangører kan også melde sitt eget kandidatur. Det er ingen absolutte kriterier, men det skal i vurderingen tas hensyn til følgende elementer:
  • Programmering / kunstnerisk profil. 
  • Publikumsoppslutning. 
  • Evne til å skape blest, interesse og entusiasme for arrangementa og musikken.
  • Evne til nyskaping i formidlinga av musikken og arrangementa.
  • Samfunnsansvar, og bevissthet rundt påvirkning på mennesker, samfunn og miljø
  • Soliditet i organisasjonen
  • Progresjon i drift / evne til utvikling