Hardanger spelemannslag kan skrive si historie tilbake til ein haustdag i 1948. Sidan den gong har laget vore ei aktiv kraft for folkemusikkmiljøet i Hardanger. Dei siste åra har dei teke opp att ein lang tradisjon, nemleg valsespelet.

Valsespelet i Hardanger

I Hardanger har valsespel ei lang historie. Ordet valsespel vert nytta om runddansmusikken som inngår i re-pertoaret til spelemenn frå Hardanger. Denne omfattande tradisjonen har mellom anna i seg fleire hundretals unike runddansslåttar. Sidan 1990-talet har valsespelet fått stadig færre arenaer å boltra seg på, og i løpet av ein tjueårsperiode var valsespelet nærast ute av bruk. Ikkje kunne valsespelet nyttast på kappleik, ikkje høvde det på konsertscena og ikkje vart det etterspurd som dansemusikk. Dei siste tre-fire åra har Hardanger spelemannslag tatt tak i situasjonen. Laget har arrangert kurs, familiedansar og tradisjonelle ungdomshusdansar, gjeve stønad til cd-innspelingar, og ikkje minst fått valsespelet inn i kulturskulen. Gjennom å gjera medlemene medvitne denne tradisjonen, har Hardanger spelemannslag medverka til at valsespelet igjen er ein del av repertoaret til dei yngre spelemennene i regionen. Dette er eit viktig revitaliseringsarbeid som har gjeve ei gledeleg utvikling.
Hardanger Spelemannslag 1 - Foto - Haldis Folkedal _lite
Ung energi i Hardanger Spelemanslag. Foto: Haldis Folkedal

Ein livskraftig tradisjonsberar

Hardanger spelemannslag har i dag omlag 120 medlemer, og er ein livkraftig tradisjonsberar med mangslungen aktivitet. Laget skipar til kurs, konsertar, aktivitetar i skulen og dansetilstellingar i tillegg til vanlege øvingar. Laget ser på seg sjølv som ein forvaltar av den immaterielle og materielle kulturarven innan folkemusikken i Hardanger, samstundes er nytenking og innovasjon også godt representert.

Kulturskulane i Hardanger har om lag 80 elevar på hardingfele, og dei fleste av desse vert rekrutterte inn i Hardanger Juniorspelemannslag som Hardanger spelemannslag driv. Juniorlaget har faste øvingar ein gong i månaden. Laget driv òg Hardanger Folkemusikkscene som har som hovudoppgåve å skipa til konsertar, anten på sjølvstendig basis eller i samarbeid med andre. Laget har vore og er elles ein pådrivar i arbeidet for eit hardingfelesenter i Hardanger.
 

> Hardingfolk.no - heimesidene til Hardanger Spelemannslag
 

Om FolkOrg og «Årets lokallag»

FolkOrg har i dag kring 5000 einskildmedlemmer, og dei fleste av desse er knytt opp mot våre 150 mangfaldige lokale spel – og danselag. Lokallaga er ryggraden i organisasjonen og syner stor aktivitet gjennom mellom anna:

  • Rekrutteringsarbeid og vidareføring av tradisjonane innan folkedans- og musikk.
  • Arrangering av kappleikar, konsertar og andre arrangement.
  • Formidling og synleggjering av norsk folkemusikk – og folkedans både på lokalt, regionalt, nasjonalt og til tider internasjonalt nivå.

FolkOrg ynskjer å løfta fram det gode arbeidet som lokallaga gjer gjennom mellom anna å dela ut prisen for ”Årets lokallag”.

 

Høyr Valsespel frå Hardanger

Høyr utgjevinga Valsespel frå Hardanger med gruppa Polka med Støyt. Siri Dyvik på hardingfele, Øystein Velure på hardingfele og Magne Velure på piano.