Hjem > Aktuelt > CD-utgjevingar > 2013 > Artikkel

Sol i Skuggeskog

Livet

SoliSkuggeskog_Livet[1]

Varme og akustiske viser med djupe røter i folkemusikken

Sol i skuggeskogs debutalbum byr på varme og akustiske viser med djupe røter i folkemusikken. Med vare tonar, sterke ord og fyldige harmoniar fangar dei essensen i Finn Sandums vakre diktsamling med same namn; ”Sol i Skuggeskog”.

Ein haustdag i 2010 bestemmer diktaren Finn Sandum seg for å dele diktsamlinga han har skrive på og haldt for seg sjølv, med nevøen Øyvind. I  over 30 år har han skrive dikt som terapi i psykisk tunge periodar. Desse var ikkje meint for å bli delt med andre, men då hans nevø Øyvind og resten av Sol i Skuggeskog forelska seg i tekstane, fekk dei lov til å sette melodi til fleire titals dikt frå samlinga.

Den same hausten set Øyvind og barndomsvenen Einar seg ned og byrjar arbeidet med å tonesette diktsamlinga. Den eine låta etter den andre tar form, og i dag, tre år seinare, har eit trettitals dikt fått eigne liv som melodiar.

Albumet har fått tittelen «Livet», ein tittel som atterspeglar innhaldet i tekstane. Som livet sjølv er også tekstane fylde av liv og latter, sorg og glede, kjærleik og sakn. Musikken gir farge til stemninga som orda set. Saman skapast eit rikt og variert bilete – ikkje ulikt livet sjølv.

Då initiativtakar og folkelarmpris-vinnar Øyvind Sandum leste diktsamlinga til sin onkel, kunne han nesten ikkje tru sine eigne auger:
”Eg har heile livet hatt eit nært forhold til onkel Finn og visst at han har vært flink med ord, men eg hadde ikkje trudd at han satt på ein tekstskatt av dette kaliberet. Det var utruleg spennande å sette seg inn i tekstane til ein person som eg kjenne så godt, prøve å lese kjenslene og deretter sette melodi til.”

Øyvind komponerte ein song som han delte med sin barndomsven Einar Lian-Bjørgum. Både han og kona hans forelska seg i tekstane og saman danna dei ensemblet ”Sol i Skuggeskog”.

«Eg har alltid drøymd om å gi ut originalskriven musikk med tekstar, og det å kunne gjere det med onkelen min sine tekstar, saman med min barndomsven, har vore ei heilt fantastisk oppleving» Øyvind Sandum

Samspelet mellom tekst og tone utgjer ein vakker symbiose kor musikken gir farge til den stemninga orda set. Saman dannar ord og tone eit rikt og variert uttrykk i krysninga mellom den norske og den amerikanske folkemusikktradisjonen. Øyvind kjende straks ei kontakt mellom hans eigne komposisjonar og tekstane til sin onkel. ”Eg følte at tekstane fletta seg saman med musikken i mitt eige hovud og danna låtar raskare enn eg nokon gong hadde trudd var mogleg. Det kjendes heilt rett og naturleg å sette musikk til onkelen min sine dikt. Eg er svært stolt over å kunne vidareføre familien sitt kulturelle arvestykke.”

Albumet blei spelt inn live i Brygga Studio i Trondheim. Fele og vokal blei spelt inn på "Loftet" i Oppdal. Anders Engen har produsert albumet, medan miksing og mastering er utført av Ulf Holand (Holand Sound)


 


| Tips en venn | Skriv ut |