Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Lise Lunde Brennhagen

Kjeringe i snødrevet

Platecover_KjeringeISnødrevet_LiseLundeBrennhagen(crop440x440px)

Lise Lunde Brennhagen er ein av dei mest aktive unge langeleikutøvarane no i dag. No kjem ho med sitt fyrste eige album. Plata heiter "Kjeringe i snødrevet", og inneheld tradisjonsmusikk for langeleik frå Valdresområdet.
Article image

Med oppvekst og røter både i Valdres og på Gjøvik har Lise Lunde Brennhagen hatt inspirasjon frå dei to sterkaste langeleikmiljøa i Noreg. Men det er tradisjonen frå Valdres som pregar spelet til Lise mest.

Guri Marie Hegge frå Øystre Slidre var den som la det gode grunnlaget for Lise sitt spel frå barndommen. Guri Marie er ei rik kjelde å ause av, med springarar, runddanslåttar, klokkelåttar og segner som ein viktig del av tradisjonen.

Mange andre utøvarar har og vore inspiratorar for Lise, og dei seinare åra er det Brøtagutadn – Ole og Knut Aastad Bråten – som har vore gode støttespelarar og inspirasjonskjelder. I 1998 deltok ho på sin første landskappleik saman med langeleikgruppa i Gjøvik spelmannslag, berre 13 år gamal.

Seinare har det vorte mange kappleikdeltakingar både i lagspel, gruppespel og ikkje minst som soloutøvar. Som junior vann ho sin klasse i 2001 og 2003, og seinare har det vorte fleire sigrar i seniorklassen på Landskappleiken. Jørn Hilme-stemnet har og vore ein viktig arena, der Lise har delteke både i spel og dans, og spelt til dans.

Lise reknas og som ein god dansar, og har delteke på kappleik fleire gonger med valdresspringaren både i lagdans og pardans. Ho har vore instruktør på sommarkurset Strunkeveko og formidla kunnskapen og tradisjonsspelet sitt til yngre langeleikspelarar. I 2001 var ho og med på cd-utgjevinga "Uminan" saman med andre unge folkemusikkutøvarar frå Valdres.

Utgjevar av "Kjerringe i snødrevet" er Etnisk Musikklubb. Dei skriv at i ei melding at langeleikspelet til Lise er "stødig med ei god dansetakt", og at ho "er tru mot den tradisjonen ho har lært".

- Iveren etter å lære seg nytt stoff har alltid vore der, og ho hentar ut det beste frå ulike tradisjonar og formar det til sitt eige. Lise er beskjeden som person, men når ho set seg med langeleiken, er det tydeleg kva ho vil formidle. Ho set si eiga farge på spelet og er ein solid tradisjonsberar som langeleikmiljøet er stolt av, skriv Marit Stensrud.

Du kan lese meir om utgjevinga på hos Etnisk Musikklubb. På denne sida hos Musikkonline finn du fleire utgjevingar frå Etnisk Musikklubb.


 


| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk