LogoFolkOrg(440x440px)

FolkOrg

FolkOrg er landets største folkemusikk- og danseorganisasjon med 5000 medlemmer og har om lag 150 lokal- og fylkeslag over heile landet. FolkOrg driv mange store tiltak, arrangement og festivalar, og folkemusikk.no er nettsida til laget. Les meir om laget på denne sida www.folkemusikk.no
Noregs ungdomslag

Noregs Ungdomslag

Noregs Ungdomslag er ein brei kulturorganisasjon med over 16 000 medlemmer i 450 lag i heile Noreg. Laget driv kulturaktivitetar som folkedans, teater, bunad og barne- og ungdomsarbeid. www.ungdomslag.no
norsk_folkemusikklag logo

Norsk Folkemusikklag (NFL)

Norsk Folkemusikklag (NFL) har som hovudmål å inspirere til forsking, dokumentasjon og formidling av kunnskap om folkedans og folkemusikk. NFL arrangerer fagseminar og gir ut ein årleg skriftserie. www.norskfolkemusikklag.no

Norsk Kvedarforum_logo

Norsk Kvedarforum

Norsk Kvedarforum, (Nkf), er ein utøvarorganisasjon som finn møteplassar for kvedarar. Hovudsatsinga i Nkf er å skipa til årlege kvedarseminar med ulikt fagleg fokus på ulike stader i landet. www.kvedarforum.no
langeleikfotoknutbraaten

Norsk Langeleikforum

Norsk langeleikforum har som mål å vera ein møtestad for utøvarar, instrumentbyggjarar og andre med interesse for langeleiken. Norsk langeleikforum skipar til samlingar, seminar, konsertar og drivopplæringsarbeid gjennom kurs, gjerne i tilknyting til arrangement og/eller i samarbeid med andre organisasjonar. www.langeleikforum.no

NLB-beskjært

Norsk Lur- og Bukkehornlag

Laget har som formål å samle utøvere, tilvirkere og sympatisører for å fremme utøvelsen av, samt utbre kjennskap til de tradisjonsrike folkelige blåseinstrumenter lur og bukkehorn. www.lurogbukkehorn.org

 

Rff_logo2

Rådet for folkemusikk og folkedans

Rådet er ei samanslutning av alle aktørane på folkemusikkfeltet. Dei delar ut pengar til folkemusikkføremål og arbeider for å fremja, verna og føra vidare norske folkemusikk- og folkedanstradisjonar. www.rff-sentret.no
Norsk_Munnharpeforum_logo

Norsk Munnharpeforum

Laget har som mål å utvikle interessa og å drive opplæring på munnharpe, vidare å formidle kunnskap om munnharpe­tradisjonane våre, korleis instrumenta blir laga og kva for musikk som fins. www.munnharpe.no
msf_logo_rgb_liten

Musikernes fellesorganisasjon

Forbundet for utøvende kunstnere og pedagoger. Tilsluttet Landsorganisasjonen i Norge (LO). www.musikerorg.no