Utvalet som vart sett ned for å gjere utgreiinga var Øyvind Kvile, Synnøve S. Bjørset, Erlend Viken.

Utvalet fekk i mandat å vurdere kva som kjenneteiknar Landskappleiken og Landsfestivalen i dag,  og på dette grunnlaget vurdere både fordelar og ulemper ved å slå saman LK og LF.

Utvalet vart sett ned i samband med at det var vanskeleg å finne arrangørar og at det i nokre år hadde vori dårlegare økonomisk vinst. Ettersom problemet med arrangør for Landskappleiken dukka opp allereie i 2009, venta utvalet med vurderinga til etter gjennomført NM i Folkemusikk i 2009.

Etter 2009 har ein hatt arrangørar på Landskappleiken, og slik det ser ut i dag, har ein også arrangørar av Landsfestivalen dei neste åra. Det økonomiske resultatet har også vori bra, og ein har opplevd ein ny giv i miljøet rundt landsfestivalen og gamaldansen som gjer at mange i dag ønskjer at landsfestivalen skal vere eit eige arrangement.

Sjølv om vi no ser ein positiv trend i det at vi har arrangørar dei neste åra, meiner styret at vi bør ta ein grundig debatt om kva vi er tent med i framtida. Det er krevjande for miljøet, organisasjonen og administrasjonen å arrangere to så store festivalar kvart år.

Styret legg med dette fram utvalet sitt arbeid til høyring i alle lag, og kvart enkelt medlem vil også kunne seie kva dei meiner via heimesidene våre. Det vil bli eit seminar med utgangspunkt i prosessen og høyringssvar under FolkOrg sitt årsmøtet 2012. Endeleg vedtak blir gjort under årsmøtet 2013.

FolkOrg ønskjer at høyringssvara skal vere generelle innspel på rapporten, samtidig som ein ønskjer meir spesifikke kommentarar på dei forslaga som blir lagt fram. Styret ønskjer at laga uttalar seg om dei meiner det er behov for endringar, og vil også gjerne ha innspel på om det kan vere andre måtar å arrangere NM på enn det som utvalet foreslår. Det vil også vere nyttig for styret om laga uttalar seg om ei endring i arrangementa vil påverke interessa for å ta på seg slike arrangement.

Utvalet har ønska at administrasjonen skal utarbeide eit budsjettforslag for NM i Folkemusikk, samt legge ved økonomisk resultat for Landskappleiken og Landsfestivalen dei siste åra. Ein vel no å legge ut rapporten til høyring kor ein berre konsentrere seg om det prinsipielle. Budsjettforslag og økonomisk resultat  frå dei siste åra blir lagt fram før endeleg vedtak i 2013.

Høyringsfrist er 15. desember.


Høyringssvar kan sendast til FolkOrg

  • E-post: post@folkemusikk.no
  • Post: FolkOrg, postboks 4613, 0506 Oslo
  • Via skjemaet nede på denne sida.

Har du spørsmål til høyringa? Ta kontakt med Linda Dyrnes - post@folkemusikk.no - 22 56 00 94


> LAST NED HØYRINGSTEKSTEN TIL RAPPORTEN


> LAST NED RAPPORTEN OM FRAMTIDIG NM I FOLKEMUSIKK