Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Aslak O. Brimi og Erlend Viken

Ho venta på rock

Ho venta på rock

"Dei mest rocka feleslåttane frå Oppdal og Lom."

Det prisbelønte samarbeidet mellom Aslak O. Brimi og Erlend Viken har resultert i ei ny plate.

- Brimi frå Lom og Viken frå Oppdal er av dei fremste tradisjonsberarane frå distrikta, og vidarefører tradisjonen som unge moderne spelemenn, skriv utgjevar ta:lik, og held fram:

- Slåttetradisjonane i Lom og Oppdal er ei utømmelege kjelde av spennande musikk, der stadig nye godbitar dukkar opp frå gløymselen. Musikarane utfordrar slåttane og former dei på sitt eige vis til nye perlar som det rockar av.

Tekstheftet er illustrert med gamle foto av ulike slag frå Ottadalen og Oppdal, av ulike menneske, stort sett frå spelemanns- og folkemusikkmiljøet. Musikarane ønskte å gjera noko spennande, og fekk humoristen Sigmund Falch til å skrive tekstar til dei.

Aslak O. Brimi har tidlegare gjeve ut soloplata Blå september (der han mellom anna spelte inn saman med arkivopptak med bestefar Hans W. Brimi) og plate i lag med gruppa Svermere. Aslak er kåra som norges beste felespelar to gongar på Landskappleiken.

Erlend Viken har feleutdanning "frå eit sauefjøs i Oppdal" og frå Norges Musikkhøgskole. Han spelar mellom anna fele i bluegrassbandet Earlybird Stringband.

Saman ga dei i 2009 ut plata Duo, som vart take godt i mot av kritikarane. Den vann også Folkelarmprisen i 2009.

"Ho venta på rock" vart sleppt på Landskappleiken 2011 i Seljord. Albumet er utgjeven på ta:lik, og du kan som vanleg høyre døme på musikken ved å gå vidare til Musikkonline.no.


 


| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk