Den tradisjonelle Seljordkappleiken vert arrangert på Granvin kulturhus i helga. Bak arrangement stod Seljord Folkemusikklag og Seljord og Kviteseid leikarring. 

Arrangørane melder om eit flott arrangement, og med god deltaking på kappleiken.

- Vi hadde deltakarar frå 12-88 år! Og næringslivet i Seljord og Landskappleikfondet har vore rause med sponsing til konserten og kappleiken i år. Det var mange flotte vandrepremiar, melder arrangørane. 

Fredagskvelden var det konsert med Fivil og Ragnhild Knudsen & Torunn Raftevold Rue. Etterpå spelte Klunkelaget til dans. 

Laurdag var det klart for kappleik. I dommarpanelet sat følgande dommarar: 

Spel: Øystein Romtveit, Einar Øverland og Arne T. Aabø. 
Dans: Rønnaug Larsen, Nils Flatland og Tormod Aasland. 
Kveding: Hæge Manheim, Kari Lønnestad og Einar Øverland.

> HER FINN DU RESULTATA FRÅ SELJORDKAPPLEIKEN 2014

 

BILDER