Bakka vart utnemd til heidersmedlem i tidlegare Landslaget for Spelemenn (LFS) sumaren 1990, under Landskappleiken i Nordfjordeid. I grunngjevinga frå styret i LFS frå 1990 heiter det: 

”Egil Bakka er fødd i 1943 i Sauda. Han kom inn i folkedansmiljøet gjennom ungdomslaget, der han vart folkedansrettleiar. Han starta allereie da, i gymnastida, å leite fram ein gammal springartradisjon frå heimplassen. 

Seinare, etter studietid i Bergen, reiste han rundt i bygdene og heldt kurs. Da kom han fleire gonger borti restar etter gløymde tradisjonar. Dette ga støytet til at han i 1966 reiste rundt på Vestlandet og samla bygdedanstradisjonar. Frå 1966 og sju år framover reiste han rundt på innsamling over heile landet. 

I 1973 tok han magistergraden på bygdedans, og vart så tilsett som leiar for sekretariatet ved Rådet for folkemusikk og folkedans (RFF). Ved Rff har han bygd opp den største samlinga av folkedansfilm i heil Vest-Europa. Han har intervjua om lag 4 000 personar i dei fleste norske kommunane, og det er teke opp 70 kilometer med film. Det meste i samlinga er samla av Egil Bakka. 
 

"Egil har ei hovudære for at vi i dag har så mange bygdedansar i levande bruk her i landet, og at desse er sikra for framtida.”
 

Egil Bakka - utnemning til heidersmedlem 1990
Egil Storbekken og Egil Bakka nyleg utnemnde heidersmedlemmer på Landskappleiken i Nordfjordeid i 1990. Foto: Inge Godtland.

​Han har heile tida samarbeidd med dei lokale kjeldene. Han har sett det som svært viktig å få stoffet fram att til levande bruk. Derfor han prøvd å utvikle ein metode som gjer det mogleg å ta vare på variasjonsbreidda i bygdedansane. Han har stadig halde kurs for å få danseformene attende til praktisk bruk. 

Bakka har arbeidd med om lag 40 forskjellige bygdedansformer. Ein del av desse kan ein sjå på kappleikane i dag. Men utan Bakka sin innsats kunne dei ha vore tapte for alltid for ettertida. 

Innan Landslaget for Spelemenn har han hatt mange ulike verv i forskjellige fagnemnder. Vidare er han medlem i Nordisk Ministerråds komité for teater og danbs. Han var med og skipa Nordisk Foreining for Folkedansforskning, og har vore leiar for ymse prosjekt der. Han er da også utnemnd til heidersmedlem i Finsk Folkedanseres Venner. 

Bakka har gitt ut fleire bøker, mellom andre «Norske Dansetradisjonar» og «Springar, gangar, rull og pols». Vidare har han vore med og redigert og gitt ut fleire filmar om bygdedans. 

Egil har ei hovudære for at vi i dag har så mange bygdedansar i levande bruk her i landet, og at desse er sikra for framtida.” 

Egil Bakka er i dag direktør og fagansvarleg for folkedans på Rff-sentret i Trondheim. I 2008 vart Bakka utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden «for hans innsats for folkedanstradisjoner». 

FolkOrg ynskjer jubilanten og heidersmedlem Egil Bakka til lukke med 70-årsdagen.