Lokallaga våre

Heidal Spel- og dansarlag - spontant, morosamt og levande

Mukampen på festival

Mukampen på festival

I FolkOrg sin serie "lokallaga våre" tar vi denne gongen turen til Heidal Spel- og dansarlag. Laget har omlag 80 medlemmar, godt og vel tjue aktive spelemenn og enda litt fleire dansarar, resten utgjer «menigheita». Vi er opptekne av «grasrota» i organisasjonen vår og lokale tradisjonar. Vi ønskjer at både spel og dans skal vera morosamt og levande, seier Ingrid Løkken i Heidal Spel- og dansarlag.

Heidal vart det skipa spelemannslag 29. august 1954, då var det berre nokre få aktive spelemenn som var medlemmar. Iver Krukhaug var fysste leiaren i laget. Som namnet den gongen sa var det eit lag for og med menn. Som i all lagsdrift går det noko opp og ned.  Midt på nittensyttitalet kom det innom ei folkemusikkinteressert utanlandsk jente som dei noko tilårskomne ungkarane kappast om å få kjøre heimatt frå øvingar og tilstelningar – dette heldt på å splitte laget.  Heldigvis vart det spelemannsånda som vann! (Ingen av dei vart ved jenta.) Fysste faste kvinnelege innslaget kom i 1990. Gjennomsnittsalderen vart etterkvart høg, så nyrekruttering var heilt naudsynt.

Lagssamansetnad og aktivitetane i laget.
I 1992 vart det fart på sakene med Anton Amundgard som instruktør for ein heil flokk med meir og mindre ivrige ungar. Fleire av desse vart habile spelemenn, ja lell om dei fleste var jenter altså.  Dette var ein svært positiv tilvekst og vi har all grunn til å vera stolte av utøvarane våre – laget har verkeleg vorte eit av «dei Store».  I mange år har dei oftast vore mellom dei fem beste både på landskappleikar og landsfestivalar.

Ingrid og Leif Løkken var dei fysste dansarane som vart medlemmer i laget (frå 1976-77).  Midt på 1990-talet bytte laget namn til Heidal Spel- og Dansarlag. Siste åra har det vore bra aktivitet på dansesida også – springleiken og gammaldansen lever, men gjennomsnittsalderen er noko høg.

Musialsk har det vore eit nært samarbeid med Skåbu Spelemannslag ein del år – og da stiller laga saman under namnet Mukampen Spelemannslag. Dei vart Nordiske meistrar i 2010.  Roger Slåstuen har vore musikalsk leiar i mange år, og Marit Rusten har hatt nokre feleelevar som så smått veks til og blir ein del av laget.

Vi har vore medarrangørar på landsfestival – og vi har arrangert GF(Gudbrandsdal Folkemusikklag)-kappleiken fleire gonger.  Laget har òg gjeve ut ein CD som heiter «Løyle' å låte».

Laget har omlag 80 medlemmar – ingen på vokal i tradisjonell forstand – godt og vel tjue aktive spelemenn og enda litt fleire dansarar, resten utgjer «menigheita».  Det er godt at det er fleire enn dei aktive som viser interesse for tradisjonane våre og vil vera medlemmar.

Det er øving med spelemennene kvar onsdag, og juniorane har også øvd ein gong i veka.  Dansarane treffest annankvar tysdag for trakking og sveitting.

Heidal Spel- og Dansarlag har i fleire år arrangert konsert på Kruke (gammal gard i Heidal) og hatt gammaldans-pub på kafeen (Weistad) i bygda siste helga før landskappleiken.  Tradisjonen tru ønskjer vi velkommen i år også, 23. juni.  Vi skal også ha kulturkveld i Heidalshallen 4. november.  For å få inn kroner til drifta har vi også lotteri, mange fine gevinstar!

Ved sida av kulturskulen har også laget gjeve tilbod om feleopplæring.  Fleire prøver – og ein god del dett av, men nokre får vi da med.

I fjor var vi inne på ungdomsskulen ein heil dag med gammaldans, men de veit, det dustar ikkje – det må bli meir!  Vi har i tankane å få til gammaldanskveldar for «heile familien» - ein gong i kvartalet/månaden.

Vi er opptekne av «grasrota» i organisasjonen vår og lokale tradisjonar.  Vi ønskjer at både spel og dans skal vera morosamt og  levande, at vi ikkje må misse det folkelege og spontane i byte med finslipt profesjonalitet.

- Ingrid Løkken

 

Her kan du se eit klipp med Mukampen frå Landsfestivalen i 2010.
 
Fleire klipp:
 
Folkemusikk.no påminn om prisen til årets lokallag. FolkOrg ynskjer å løfta fram det gode arbeidet som lokallaga gjer gjennom mellom anna å dela ut prisen for ”Årets lokallag”. Prisen er ein pengepremie på 10 000 kroner. For utdeling av prisen for årets lokallag i 2012 ynskjer FolkOrg å vektleggje godt rekrutteringsarbeid innan folkemusikk og folkedans. Det kan vera lokallag som driv rekrutteringsarbeid sjølve, og/eller har godt samarbeid med kulturskular, Noregs Ungdomslag m.m. Einskildmedlemmer, lokallag og område/fylkeslag kan senda inn forslag med grunngjeving. Fristen for innsending er 15. juni. Forslag skal sendast inn til rannveig@folkemusikk.no.

 


| Tips en venn | Skriv ut |