Hauk Buen (født 1933 i Jondalen, Buskerud) er ein av landets fremste utøvarar på hardingfele. Hauk har mellom anna lært av faren Anders Buen og Løndals-karane, og vidarefører tradisjonar etter Lars Fykerud og Knut Dahle. Hauk Buen har vunne Landskappleiken fleire gongar, og har turnert Noreg og utlandet med utallige konsertar. Han har vore og er læremeister og mentor for mange av dagens fremste, unge spelemenn. Hauk Buen har gjeve ut fleire ut CD-ar. For albumet Fykerud'n fikk han og bror Knut Spellemannprisen i 1992 i klassa for folkemusikk/gammaldans. I 1991 vart Hauk Buen æresmedlem i Landslaget for Spelemenn, og i 2003 fikk han Kongens fortjenstmedalje i gull.

Frå omtala av cd-en

Hauk Buen - Tjugedalaren (Hauk Buen 80 år)
Jubileumsutgjeving med Hauk på sitt beste, innspela på Henie Onstad Kunstsenter, 13. mars i 1986.

Hauk Buen spela inn desse slåttane for 27 år sidan, på sitt beste, som ein eksklusiv Jubilums CD og dokumentar DVD frå 1982 (NRK Fjernsynet) i same pakning, saman med nokre tidlegare ikkje publiserte bilete og utdrag av Rikard Berges forteljingar om Myllarguten.

Det er ein umåteleg fin bukett på 18 slåttar etter Myllarguten, som her kan presenterast. Fleire av desse lærde Hauk sjølv av Targjei Skinand (soneson til Myllarguten) og Rikard Gøytil på Rauland. Somme av slåttformene er unike, som ingen andre hadde lært til då av desse. Seinare har mange teke opp slåttar som t.d. Steinstolen.”