Etter ein studietur til Kaustinen i Finland på 70-tallet, starta ein gjeng entusiastar frå Ål og omegn Folkemusikkdagane på Ål. Planen var klar. Lage ein folkefest over tre-fire dagar, med store sceneframsyningar, intime temakonsertar, drøftingsemne, seminar, kurs, humor, dans til frukost og dans til kvelds, nattkonsertar og mykje meir. 

38 år seinare heiter arrangementet Folkemusikkveka. Og sjølv om utgangspunktet er mykje av det same, har det skjedd mykje sidan den gong. Fanitulltevling, folkemusikkmesse, ynskjekonsert, hallingdanstevling i sentrum, fotoutstilling, strikkekurs, kaffeslabberas - Folkemusikkveka er full av liv og leven. 

Ulf-Arne Johannessen tok over som leiar for festivalen for to åra sidan, og har hatt ansvaret for to festivalar.  

Kva var det med jobben i Folkemusikkveka som trigga deg?
- For det fyrste har eg har jo vakse opp med Folkemusikkdagane og har eit positivt forhold til festivalen. Og etter 10 år med turnering i heile verda både som artist og publikum, så følte eg at eg hadde noko å tilføre.

Folkemusikkveka på Ål 2014.
Hallingdanstevlinga i sentrum på Folkemusikkveka på Ål 2014. Fioto: Knut Utler

”Kjåka” fullt

Kva synes du om å bli nominert til prisen Årets Folkemusikkarrangør? 
- Det er veldig stas. Særleg fordi me er nominert saman med to andre gode festivalar. Dette er flotte festivalar eg likar veldig godt, og eg har stor respekt for det dei får til. Då er det ekstra moro å bli nominert. 

Kva har det å seie for festivalen? 
- Det gjev litt meir blest. Det viser at me er på rett spor.

Korleis vil du oppsummere årets festival? 
- Reint konkret var det ei dobling av billettsal jamfør med 2013. Men billettsalet er berre ein ting. Det var eit fantastisk folkeliv i sentrum i strålande ver heile helga. Til dømes under hallingdanstevlinga var dei eit par tusen tilstades. 


«Det har vore ”kjåka” fullt kvar gong.»

 

Kva meiner du kjenneteiknar Folkemusikkveka som festival?
- Det er jo så mykje, men det må kanskje vere nettopp folkelivet og særleg dansen. Det er lange tradisjonar for dans i Hallingdal og på Ål. Anten det er gammaldans, swing, springar eller laus, så har det vore dansa mykje. Og med dans så følgjer jo fest og musikk og god stemning!

Kva er du mest stolt av å ha fått til med festivalen? 
- Det er fleire ting. Den gode festen, at det vart ny rekord i talet på deltakarar i Fanitulltevlinga med heile 22 spelemenn. Men særleg stolt er eg av årets tingingsverk; Årstidene med Villniss, der me var medprodusent og delvis initiativtakar. Årstidene er kanskje ei av dei beste danseframsyningane eg har sett, og kan og bør opplevast no under Folkelarm.

- Ein annan ting eg også er litt stolt av, som er litt lokal, er at me har fått tilbake ynskjekonserten. Dette er ein gamal tradisjon frå 50-talet, der folk kunne ynskje seg síne artistar og der pengane går til eit godt formål. Når me no har teke oppatt tradisjonen har det vore ”kjåka” fullt kvar gong. Det er moro. 

Korleis ynskjer du å utvikle festivalen vidare?
- Eg har faktisk lyst til at festivalen skal bli litt større. Ser ein bort i frå Førdefestivalen så manglar me store folkemusikkfestivalar i Noreg.

Er det nokre artistar eller prosjekt du drøymer om å kunne få presentere?
- Det hadde vore utruleg moro om... Nei, eg må ikkje seie for mykje. Det er mange gode idear på blokka, og eg kan ikkje avsløre dei enno. Men me er ein god gjeng som held på med programmet. I tillegg til meg er Arne Moslåtten, Stein Torleif Bjella og Ingebjør Sørbøen med i programnemda.  

«Her finn du den gode folkemusikkfesten.»

Kaffislabberas med Bodil Haug og Ole og Knut Aastad Bråten.
Kaffislabberas med Bodil Haug og Ole og Knut Aastad Bråten. Foto: Knut Utler

Dette fiksar me!

På folkemusikkveka jobbar Ulf-Arne i 70 % stilling. I tillegg er han frilansdansar og -musikar. Slik sett har han erfaring både på og bak scenen. Det er nyttig i jobben som festivalsjef. 

Kva er eit godt arrangement for deg?
- Det er noko eg har tenkt mykje på. Det kan vere så ulikt frå festival til konsert til kappleik. Men til sjuande og sist handlar det vel om god stemning, god musikk og hyggelege folk rundt seg.

Kva meiner du er viktige eigenskapar å ha som konsertarrangør?
- Ein må ha gode medarbeidarar. Folkemusikkveka har t.d. eit veldig godt styre for tida. Det er viktig å sjå moglegheitene. Ein må ha den haldninga at: «Dette fiksar me!». Så bør «sjefen» vere tilstades. 

Er det særskilte utfordringar du meiner konsertarrangørar står framfor i dag?
- Me har kanskje gjort oss for avhengig av tilskot. Men det skal ikkje publikum tenke på. Folk må hugse at på Folkemusikkveka finn du den gode folkemusikkfesten, så kom for musikken, dansen og festen, avsluttar han. 

Folkemusikkveka på Ål er ein av tre festivalar som er nominert til årets folkemusikkarrangør 2014. Prisen vert delt ut på Folkelarm laurdag