Hjem > Artikkel

Lokallaga våre

Gaular spelemannslag

Gaular spelemannslag

I serien "lokallaga våre" presenterar me denne gongen Gaular Spelemannslag, fra Sogn og Fjordane. Gaular er eit lite spelemannslag, som gjennom samarbeid med andre lokale spelemannslag og eit knippe engasjerte personar har greid å skape eit levande spelemannslag med høgt aktivitetsnivå. Her fortel laget litt om seg sjølv.

Røter i lokalsamfunnet

Folkemusikken har sterke røter i Gaular kommune, og vi har mange kjelder å føre vokal- og instrumental-tradisjonane vidare etter. Gunnar Lundekvam, Ola Nos, Nils Furnes og Johannes Holsen er nokre av våre gamle «heltar», og felelaget brukar i dag mange slåttar etter desse. For 30-40 år sidan fanst det fleire «einslege» spelemenn i Gaular. Nokre av dei slo seg saman og skipa Bygstad Spelemannslag 28.mars 1975. Med hardingfeler, trekkspel, bass og gitar stilte gjengen opp på fleire speleoppdrag i nærområdet alt første året. Medlemstalet auka jamt og trutt, og etter kvart kom det til spelemenn og -kvinner frå dei to andre sokna i kommunen, Sande og Viksdalen. I 1982 vart namnet difor endra til Gaular Spelemannslag. Tal medlemer i laget har variert gjennom åra. Frå kring 10 dei første åra til over 50 rundt tusenårsskiftet. I 2011 hadde laget 28 betalande medlemer. Hardingfelespelarane har heile tida utgjort kjernen i laget sin aktivitet og medlemsmasse, men frå midten av 1990-talet og nokre år framover var songarane og dansarane i fleirtal. I denne perioden var langt dei fleste medlemene born og unge, som resultat av ei aktiv og vellukka rekruttering innanfor både fele, toradar, song og dans.

Nyt godt av fylkesmusikerordninga

Rekrutteringsauken på 1990-talet har samanheng med fylkesmusikarordninga i Sogn og Fjordane. Frå oppstarten av ordninga i 1990 har spelemannslaget nytta dei fylkestilsette folkemusikararane som instruktørar og inspiratorar. Elin Grytting på song, Oddbjørn Ramstad på trekkspel og toradar og Sigmund Eikås og Vidar Underseth på hardingfele. Saman med Elin skal han også ha mykje av æra for danseaktiviteten som har vore i Gaular. Utanom dei eksterne instruktørane har laget sine eigne ungdommar vore uunnverlege for drifta i laget. Allereie frå ung alder har dei fått og teke ansvar, først som hjelpeinstruktørar og seinare med hovudansvar for instruksjon og musikalsk leiing.

Midt på 1990-talet vart det starta kurs i folkesong i Gaular med fylkesmusikar Elin Grytting som lærar. Først for vaksne, etter kvart også for born. Kursa for born vart populære og på det meste var 50 ungar / ungdom med på aktivitetane. Gruppa hadde fleire songoppdrag og deltok på juniortreff og kappleikar. Elin sitt repertoar og opplæringsmetodar har blitt vidareført og sett spor utanfor lagsrekkjene. Etter initiativ frå spelemannslaget har folkesong i 10 år vore eit prioritert område i barnehagane og barneskulane i Gaular, no gjennom «Den kulturelle skulesekken». Tiltaket er godt motteke både av skuleborn og lærarar, og alle born i Gaular får slik med seg litt av den rike songskatten som finst i Sogn og Fjordane. Det er inspirerande å sjå elevane si interesse og genuine glede over songane! Ikkje minst er det imponerande å oppleve borna si evne til å hugse stoffet, dei utanåt-lærte songane sit som spikra år etter år. Og alle «syng med sitt nebb» - dette er folkeleg song på sitt beste og mest levande!


Henta fram Viksdalsspringaren

Elin Grytting introduserte den gløymde Viksdalsspringaren for eit knippe danselystne gaulværingar i 1995, og ein prosess vart sett i gong for å rekonstruere og lære dansen. I 1997 reiste sju personar til RFF-senteret i Trondheim for å jobbe med arkivopptak og gjere nedteikningar av dansen. Seinare har dette arbeidet resultert i fleire kurs, deltaking i lagdans på kappleikar, og ikkje minst eit dansepar i A-klassa frå 2002! Spelemannslaget har også arrangert hallingkurs, både med Vidar Underset og Martin Myhr. Dei seinare åra har også folkedansen blitt introdusert i Gaular-skulane, takka vere Mari Andrea Ness og Atle Hoff.
 

Stor kursverksemd

Allereie tidleg i Gaular Spelemannslag si historie, vart Einar Eimhjellen og Sigmund Eikås innleigde som instruktørar på hardingfele. Laget har seinare arrangert helgekurs med kjende spelemenn som Leif Rygg, Finn Vabø, Svein Skjerdal og Håkon Høgemo. Sidan hausten 1992 har Vidar Underseth vore lærar for nybyrjarar og vidarekomne felespelarar i Gaular. Frå 1990 og til i dag har spelemannslaget arrangert 7 nybyrjarkurs på fele, det siste med oppstart hausten 2011. Om lag 130 gaulværingar, born og vaksne, har fått innblikk i felespelet sine små og store utfordringar. Erfaringane frå kursa er, som mange nok kjenner seg att i, at interesse og nysgjerrigheit på instrument og musikk ikkje alltid harmonerer med uthald og tolmod hos nybyrjarane… I alle høve har vi i dag ein god handfull ivrige og habile felespelarar. Laget er «desentralisert», med medlemer spreidd rundt i landet. Men på kappleikar og arrangement i lagsregi stiller også dei utflytte trufast opp!

Trekkspelkurset som starta i 1990 hadde over 30 deltakarar. Etter fem år sat laget att med dei to habile trekkspelarane vi hadde før kurset… I ein kommune med skrantande kulturskuletilbod kan laget likevel gle seg over å ha gitt instrumentopplæring til små og store gaulværingar. Gaular Spelemannslag hadde aktivitet på toradar i godt og vel ti år frå 1993. Etter den tid har nokre få gaulværingar spelt med toradargruppa i Naustedalen spelemannslag. «Komp» var sjølvsagt i laget dei første åra og ein hadde folk som trakterte både kontrabass og gitar. Fleire habile komparar var aktive i periodar, men no har vi vore lenge utan. Til dansespel må vi oftast leige inn spelemenn frå nabolag.


Konsertar, dansespel, kappleikar og dugnad

Spelemannslaget vert jamleg hyra til underhaldning og dansespel i regionen. I kappleikssamanheng har Gaular stilt opp regelmessig i lagspel på lokal- og regionalkappleikar heilt frå oppstarten, og på Landskappleiken frå 1998. Laget har nokre deltakingar på Landsfestivalen i gammaldansmusikk, då med forsterking frå trekkspel og komp. Enkeltmedlemer kan elles syne til gode prestasjonar i gruppe- og solospel. I tillegg til dette har laget sine medlemer mange oppdrag enkeltvis og i grupper. Aktivitetslista har dei siste åra femna om alt frå speling i bryllaup og deltaking på UKM til utlandsturar og oppdrag som teatermusikarar og -dansarar. Dei seinare åra har spelemannslaget samarbeidd med lokale aktørar som korps, kor og kyrkje. Hardingfela har vore mykje nytta i Gaular-kyrkjene, og blitt fast innslag i konfirmasjonar og bryllaup. Spelemannslaget arrangerer jamleg konsertar med eigne og regionale (folke-) musikarar, gjerne i samarbeid med andre lokale krefter. Frå 1990 har spelemannslaget vore med på å arrangere Viksdalsmarknaden, ei helg med husflidssal, konsert, dans og gode besøkstal. Takka vere marknadslotteri, kafédrift og mykje bra dugnadsarbeid, har dette vorte laget si store faste inntektskjelde. Gaular Spelemannslag debuterte som kappleiksarrangørar i 1984 då laget tok på seg fylkeskappleiken for Sogn og Fjordane. Seinare har laget skipa til Vestlandskappleiken tre gonger; i 1995, 2005 og 2011. Kappleiken i fjor var eit samarbeid med Dalsfjorden Spelemannslag, våre gode grannar i vest.


Inspirerande samarbeid med andre lag i regionen

Nettopp samarbeidet mellom laga i regionen er verdt å nemne her. Vi set stor pris på det musikalske og sosiale fellesskapet på tvers av lagsgrensene. Ungdommane i nabolaga har blitt invitert på kurs og andre arrangement hjå «kvarandre». Dette har vore svært positivt og inspirerande for dei og for miljøet som heilskap. I Gaular har vi eit humoristisk slagord; «Me er ikkje so mange, men me er få…». Dette gjer at mykje av lagsarbeidet fell på forholdsvis få hender. Difor er det ekstra kjekt når arbeidet vert lagt merke til og sett pris på av andre. I 2003 vart spelemannslaget tildelt Gaular kommune sin kulturpris. Dette er med på å inspirere oss i arbeidet med å ta vare på og føre vidare folkemusikkarven vår. – Og til å stadig la optimismen, romslegheita og dugnadsånda rå!

Her finn du eit utval lydfiler frå Gaular Spelemannslag

Lydopptaka er gjort på Vestlandskappleiken 2011 og Fylkeskappleiken 2012. Det er Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane som eig klippa. Her er lenkje til alle opptaka Fylkesarkivet har med Gaular spelemannslag.


 


| Tips en venn | Skriv ut |