Bransjetreffet Folkelarm har fått sin Evalueringsrapport, og rapporten ser i fyrste omgang ut til å vera både grundig og gjennomarbeidd. Men ved nærare ettersyn viser det seg at den delen som handlar om etableringa av Folkelarmprisen er heller overflatisk og ufullstendig. Eg vil difor koma med nokre utfyllande opplysningar som eg meiner er riktig å få med i samband med ei slik evaluering. Bakgrunnen for dette er så pass enkel som at eg var redaktør for Spelemannsbladet i heile perioden frå ideen om Folkelarm dukka opp til arrangementet såg dagens ljos i oktober 2005.

Det må elles vera lov å bli litt forundra over at LfS sitt eige organ Spelemannsbladet, som utan samanlikning er det mediet som har hatt mest omtale av Folkelarm, både før og under etableringa, ikkje er brukt som kjelde i evalueringa, så vidt eg kan sjå. Dette er då òg ein viktig grunn til at eg vel å kommentere den delen som har med Folkelarmprisen å gjera, som eg kjenner best.

Bakgrunnen er denne: Alt fleire år før TV2 overtok Spellemannprisen i 2003, hadde det kome fram kritikk mot måten NRK nedprioriterte folkemusikken. Denne kritikken låg til grunn for ein kommentar underteikna publiserte i Spelemannsbladet nr. 1. 2002: ”Spellemannprisen – på tide med ei nyordning?”. Kommentaren var skriven før utdelinga i 2002, ei utdeling som Evalueringsrapporten viser til. Danish Folk Music Award hadde blitt etablert i 2001 og det var difor naturleg å vise til Danmark: ”Kanskje er tida til å prøve noko slikt i Noreg også?”(Sp.bl 1.2002:8).

Ein konsekvens av dette var at Spelemannsbladet tok initiativ til at ein sjølvoppnemnd trio, Leiv Solberg (NRK), Ruth Anne Moen (Rff) og redaktøren av Spelemannsbladet, drog til Tønder og deltok på den andre Danish Music Award i byrjinga av mars 2002 (Sp.bl. 2.2002). Dette resulterte i eit skriv til LfS forfatta av desse tre aktørane med ei oppmoding om å ta dette vidare. Ting tok tid, men i oktober 2003 kalla LfS inn til eit møte i Oslo med ei mengd ulike aktørar der ein mogleg sjølvstendig folkemusikkpris blei diskutert, blant anna møtte to frå Spellemannkomiteen. Resultat: LfS sette ned eit utval som innan 1.4. 2004 skulle utgreie om det var grunnlag for ein slik pris (Sp.bl. 8.2003). LfS hadde i 2003 fått i oppdrag av årsmøtet å lage ein ny strategi for LfS framover, ”folkemusikk.no” var stikkordet. Arild Hoksnes, som var engasjert som arrangementskonsulent for LfS våren 2004, fekk hovudansvaret for å ta saka vidare. Under Landskappleiken i Eidfjord i 2004, i samband med framlegginga av strategiplanen ”folkemusikk.no”, dukka planane om ein mogleg eigen folkemusikkpris i regi av LfS i samband med Folkelarm opp. (Sp.bl. 5.2004). Og det er heilt korrekt som Evalueringsrapporten har fått med, at Hoksnes utforma i eit notat ”Mål og avgrensingar” for Folkelarmprisen (sjå punkt 2.4. i rapporten).

Det som Evalueringsrapporten ikkje har fått med er derimot at Hoksnes etter ei tid la planane om ein framtidig folkemusikkpris på hylla, han gav opp. Han hadde bl.a. satsa mykje på å få med NRK på ein slik ”alternativ” pris, noko som ikkje blei noko av. Og kva skjedde så vidare? Korleis blei det likevel ein Folkelarmpris hausten 2005?

Svaret er å finne dels i LfS sitt styre 2004: Ein av dei mest aktive styremedlemmene var Frode Rolandsgard. Han hadde på vegner av ei arbeidsgruppe lagt fram ei skisse for Folkelarm på eit miniseminar i oktober 2004 i regi av LfS. (Sp.bl. 8.2004).

I Spelemannsbladet nr. 4. 2005 kjem den fyrste skriftlege skissa om Folkelarm, ført i pennen av Frode Rolandsgard. Her er blant anna oppramsa ”alternativ spelemannspris”. Rolandsgard hadde altså jobba vidare med Folkelarm på timebasis, men blei fyrst 1. august 2005 formelt tilsett som ny informasjonsmedarbeidar for LfS med ansvar for internettsidene og med spesialansvar ”Folkelarm”(Sp.bl. 4.2005).

Og for å gjera ei lang historie kort: Trioen Magnar Sundt, dagleg leiar i LfS, informasjonsmedarbeider Frode Rolandsgard samt redaktøren av Spelemannsbladet, fekk våren/sommaren 2005 i oppdrag å fullføre arbeidet med ein Folkemusikkpris knytt til Folkelarm. Det var berre tida og vegen og det blei jobba på høggir! Spelemannsbladet blei tildelt ei sentral rolle i utforminga av Folkelarmprisen, blant anna skriv Magnar Sundt i ein epost våren 2005 at ”Platemeldarkorpset i Spelemannsbladet er allereie tiltenkt ein juryjobb”. Dette var ikkje minst av økonomiske grunnar, for sponsortørken var eit faktum og ein måtte ta små steg i staden. Utforminga av klasser blei til i eit samarbeid mellom Rolandsgard, Sundt og underteikna på relativt fritt grunnlag.

For eiga rekning kan eg føye til at samansetninga av juryen baud på nokre utfordringar, eg insisterte på at me måtte ha med ein samisk representant i juryen, det møtte ein viss motstand, ikkje frå LfS, men frå anna hald. Men dette la seg fort og praksisen seinare år har bygd på mykje av den malen som blei lagt fyrste året. Det gjeld òg i stor grad klasseinndelinga: i 2005 var klassene Open eksperimentell, Tradisjonelt samspel, Dokumentasjon, Solo og Nykommar. I 2011 og 2012 har dette vore klasseinndelinga: Open klasse, Tradisjonelt samspel, Dokumentasjon, Solo og Årets folkemusikar. Sistenemnde kategori blei oppretta 2006.

Ei side ved Folkelarmprisen som Evalueringsrapporten i svært liten grad drøftar, er plasseringa og statusen til sjølve prisutdelinga. Dei fyrste åra var utdelinga av Folkelarmprisen lagt slik at dette blei eit høgdepunkt under arrangementet, noko Frode Rolandsgard, Folkelarmtilsett i fyrste perioden, stadfester i ein epost til underteikna. Ville det ikkje vera naturleg i ein evalueringsrapport å utgreie også dette spørsmålet?

Det kan innvendast at denne gjennomgangen er svært detaljert. Eg vil likevel hevda at skal ein for ettertid få fram meir om kva som faktisk skjedde, er det nødvendig med eit slikt supplement. Rett skal vera rett. Så må andre gjerne koma med sin versjon.

Les meir om evalueringa av Folkelarm her