Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

DIVERSE ARTISTAR

Folkelarm-CD 2009

Årets Folkelarm-CD

Årets Folkelarm-CD

Fredag vart årets Folkelarm-cd sleppt på TILT i Oslo.


Fleire av dei fremste folkemusikkartistane i Norden er representert på cd-en som blir lansert i samband med årets Folkelarm. Dei 50 første som dukkar opp på TILT i Oslo fredag 4.9 får cd-en og eit glas med drikke - GRATIS! Sleppet vert markert med eit uhøgtidleg fredagsettermiddag-samkome. Kanskje dukkar ein spelemann opp og cd-en blir snurra i spelaren. Bli med og tjuvstart Folkelarm 2009!


Om årets Folkelarm-cd:


Plateselskapet NORCD er glad for at Folkelarm ønskte eit samarbeid i høve det å gje ut samleplate med nordisk folkemusikk ‐ ei utgjeving som tek pulsen på det som skjer akkurat no. NORCD har sidan 1991 vore ein svært viktig og sentral formidlar av bade "rein og urein" norsk folkemusikk, og har pr. i dag nærare 90 titlar i sin katalog (folk og jazz).

Noreg og andre nordiske land som Sverige, Finland og Danmark har eit livskraftig og virtuost folkemusikkfelt. Og interessa for folkemusikk er aukande. Fleire Folkelarm‐aktuelle artistar har bidrege til å fornya folkemusikken si rolle i pop‐, rock ‐ så vel som i samtidsmusikken. Albumet gjev eit rikhaldig bilde på kva som rører seg i dagens nordiske folk‐ og worldmusikklandskap. Med fleire av dei fremste norske utøvarane og eit utval kvalitetsartistar frå dei andre nordiske landa, sparkar albumet kraftig ifrå. Spennet er stort, frå energisk dansk etno‐balkan , via finsk trekkspel og svensk fele til unorsk hardingfelespel og song.

Folkelarm går av stabelen frå 17. til 20. september i Oslo, og er i ferd med å bli ein viktig møteplass for norsk‐ og internasjonal musikkbransje. Her finn ein også eit omfattande debatt og konferanseprogram. NORCD og Folkelarm har eit sterkt ønskje om å la eit breitt, musikkinteressert publikum få møta tradisjonell og nyskapande folkemusikk. Både gjennom dette albumet og på konsertane frå scenane på Cosmopolite.
 


Artistar og spor på cd-en:
 


Unni Løvlid Mørketid
Ranarim Brinna inga hjärtan
Aslak Brimi&Erlend Viken Tusshalling
Henrik Jansberg Oldtime
Synnøve Bjørset Fanitullen
Elisabeth Vatn Springleik
Afenginn Iguana Segregatis
Tiar Arabisk pols
Torgeir Vassvik Spiral/Botnji
Gro Marie Svidal Brureslått
Valkyrien Allstars Neve elva
Hedningarna Bulldog
Dozo Dibi
Marie Forr Klåpbakken Reisen i livet
Karolina Kantelinen Ellos huolta huomisesta
Kim Andre Rysstad Folkestadvisa
Seven Winds Lat snø og vinter falla / Ba Abdoul
Frigg Lars Lenkelifot




| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk