Roheim-parade i Bø sentrum. Foto: Knut Utler
Ny dagleg leiar i Telemarkfestivalen, Kristoffer Mosfjeld. Foto: Øystein Akselberg

Kan hende har ordvalet å gjera med oppveksten på Sørlandet. Han er riktig nok Birkelandsgut, men det er knappe 20 minutt ut til Lillesand, så han har nok fått i seg meir sjøluft enn den jamne Bøhering. 

Kristoffer Mosfjeld har studert kultur på høgskulen, jobba på Kroa og i jazzklubben, og har stor interesse for festival- og musikkbransjen. 


- Å bli festivalsjef for Telemarkfestivalen var nærmast å få drøymejobben på fyrste forsøk! 
 

Me møter den blide karen mellom umontert scenerigg og delar av partytelt på Sandvin fredag føremiddag, under Telemarkfestivalen.

Nils Sletta på Borgjakonserten som var via Løndalsspelet. Foto: Knut Utler
Nils Sletta på Borgjakonserten som var via Løndalsspelet. Foto: Knut Utler

Ny i folkemusikken

28-åringen har mykje erfaring når det gjeld å arrangere. Eit avgjerande fundament i alle festivalar.

- Men akkurat den ekspertisen innan folkemusikken, det å kunne velje ut to spelemenn, plassere dei på same scene, og tenkje at det her blir magi liksom, den innsikta har eg nok ikkje riktig enno. Det er sjølvsagt ei utfordring, men heldigvis er det mange folk her i Bø som har nettopp den innsikta. Me har ei programnemnd som eg kan stø meg til i slike situasjonar. Av dei får eg hjelp når det gjeld meir produserte konsertar, som t.d. å setje saman ein opningskonsert, eit bestillingsverk e.l. 

Telemarkfestivalen har mange forventningar og tradisjonar knytt til seg. Det vil den nye festivalsjefen gjerne ta omsyn til. Samstundes meiner han at festivalen må vera framtidsretta og evne å sjå både framover og bakover. 


- Eg ynskjer å vera med på å skape eit fint møte mellom gamalt og nytt. 

 

Gruppa Breabach frå Skottland på Sandvin laurdag
Gruppa Breabach frå Skottland på Sandvin laurdag. Foto: Knut Utler

Ny arena for folkefesten

Noko av det fyrste som møtte Kristoffer i haust var at den faste arenaen deira, Skogen Gård, ikkje lenger kunne brukast. Dei måtte finne ein alternativ arena for festkonsertane på fredag og laurdag.

- Me hadde ein prosess på det, kikka litt rundt i bygda. Så var eg på konsert her på Sandvin i haust og tenkte at her må det jo vera perfekt! Eg snakka ein del med folk om det og skjønte at dette er ein stad som mange i Bø har eit veldig godt forhold til. Det er eit hus som har utruleg mykje historie, og ikkje minst folkemusikk i veggane. Og så er det jo ganske fint her også synest eg, seier han og kikkar seg rundt.  

Plenen utanfor det gamle ungdomshuset er omringa av ein brunbeisa skigard. Her er det plass til mange, og her og der står bord og benkar med tak over, sett opp for helga. 

 

Ingvill Buen Garnås under tingingsverket.
Ingvill Buen Garnås under tingingsverket fredag. Foto: Knut Utler

Programstruktur

Programmessig følger festivalen ein struktur som dei har gjort i eit par år no. Opningskonsert på torsdagen, tingingsverk på fredagen, og det store folkefestarrangementet på laurdagskvelden. Nye ting blir sjølvsagt putta inn i denne strukturen, men dei opplever at dette er ei ramme som passar bra, slik at det blir ei fin fordeling av folk på ulike stader. 

- Men elles… ein må liksom få eit år på å bli varm i trøya, før ein verkeleg kan byrje å brusa med fjæra, for å seie det slik. Dersom du stiller same spørsmål til neste år så håpar eg å kunne seie litt meir om nye ting. 

 

Lady Moscow frå Oslo på Sandvin fredag. Foto: Knut Utler
Lady Moscow frå Oslo på Sandvin fredag. Foto: Knut Utler

Tankar om framtida

- Det er jo mykje ein kan gjera. Me kjem nok til å halde på ein del av dei faste postane, tingingsverket, Borgjakonserten, men samstundes sjå om me kan finne nye konsept som kan funke her i Bø, og ikkje minst i Telemark. Sidan me heiter Telemarkfestivalen hadde det vore moro å etablere festivalen i litt andre bygder i Telemark også. Kanskje ha nokre konsertarenaer heile året, ein turné eller noko slikt. Og kanskje samstundes bygge ein meir heilheitleg festival som også omfattar tradisjonsmat og –klede? Telemark er jo så mykje meir enn musikk. Det er noko eg kjem til å sjå litt på. 

I haust var han på studietur i Canada, på ein festival som heiter Celtic Colours. Den finn stad på øya Cape Breton, som er ein del av Nova Scotia. Øya er på storleik med Telemark, og festivalen var spreidd ut i regionen. Her var konsertar på opp til fem ulike stader kvar dag i dei 11 dagane festivalen varte. Festivalen la programmet, medan engasjerte sjeler i dei forskjellige bygdene stod for sjølve gjennomføringa av konsertane.

- På ein liknande måte kunne ein lage ein festival der folk fekk oppleve heile Telemark, følge riksvegen oppover til dømes, arrangere konsertar i gamle grendehus på mindre stader, funderer Mosfjeld. 

 

Frå konserten til UngFolk. Foto: Knut Utler
Frå konserten til UngFolk. Foto: Knut Utler

Liten og god

Festivalen i Bø treng ikkje å bli så mykje større. Den nye styrmannen seier det er viktigare å bli betre enn å bli større, og heller optimalisere det systemet som alt finst. 

- Eg har jo merka meg ein del smårusk i maskineriet berre den fyrste halvanna dagen festivalen har vore i gang. Det er ikkje noko publikum får med seg, men slikt som eg som festivalsjef merkar. Så no samlar eg opp informasjon i år, som eg vil bruke til å lage ein betre festival neste år. Det er i alle fall det som er planen då, seier han og ler.

Ei dame syklar innom og spør om ho forstyrrar. Kristoffer seier han berre skal bli ferdig med dette intervjuet. Den syklande er festivalkoordinatoren, høgrehanda til Kristoffer desse travle sommarmånadane. Ho er ekte Bøhering, fortel Kristoffer. Ho kjenner Bø ut og inn, ho kjenner alle, og alle kjenner ho. Det er godt å ha ei slik ei. ”Eg har kontroll!”  ropar ho i det ho syklar vidare. 

 

Nuala Kennedy i Snowflake Trio frå Noreg og Irland. Foto: Knut Utler
Nuala Kennedy i Snowflake Trio frå Noreg og Irland. Foto: Knut Utler

Opplevinga er det viktigaste

At festivalen går rundt økonomisk er sjølvsagt avgjerande. Det legg ikkje den nye sjefen skjul på. Han ynskjer likevel å ha eit fokus på dei gode opplevingane, og ikkje berre måle suksess i kroner og øre. 

- At folk sit att med gode opplevingar er jo det viktigaste. Kanskje kan me la oss inspirere av landet Bhutan, der dei måler brutto nasjonallukke i staden for brutto nasjonalprodukt? 

Så må han vidare, rigge og orge no. Den unge festivalsjefen forsvinn inn mellom urigga rigg, full av idear og ynskje for framtidige festivalar i Telemarks hjarte. 

 

Dropinkurs i halling for ungar. Foto: Knut Utler
Dropinkurs i halling for ungar. Foto: Knut Utler

Dagen derpå

Me tek ein telefon til Kristoffer etter festivalen. Korleis gjekk det? 

- Det gjekk bra! På laurdagskvelden kom det eit heftig regnskyll, nett då me opna dørene til folkefesten på Sandvin. Då gjekk det kaldt nedover ryggen på meg – bokstaveleg talt! Det pøsa ned, regna inn på scena, me måtte redde instrumenta som best me kunne. Og så venta me. Då den siste regndropen fall velta det inn 2-300 publikummarar og festen kunne byrje. Til slutt var me 800 og det var topp stemning! Tilbakemeldingane frå publikum, artistar og frivillige har vore svært gode. Alle konsertane har ikkje vore like godt besøkt, men dei som har vore der har kosa seg og den kunstnarlege kvaliteten har vore høg. I det store og heile er eg svært nøgd med gjennomføringa.

No sit han på kontoret sitt i Bø og pønskar på neste festival. Me ynskjer Kristoffer og Telemarkfestivalen lukke til på vegen vidare!