Fylkeskappleiken i Møre og Romsdal gjekk i år føre seg i Fagerliaulaen i Ålesund. UL Ivar Aasen stod som lokal arrangør, og gjorde ein solid arrangørjobb. 

Kappleiken synte den gode aktiviteten i fylket, og ikkje minst kvaliteten på rekrutteringsarbeidet som vert gjort i området. Dei unge felespelarane frå Valldal imponerte både som solistar og i lagspel. Ingunn Linge Valldal gjer ein særs god opplæringsjobb her. Det same kan ein seie om spelemannslaget Dåm og Drag med Britt Elise Skram som musikalsk leiar. 
 
Arrangørlaget UL Ivar Aasen fekk òg synt at ungdomsprosjektet «Futt og Fart» ber frukter. Gode rekruttar og juniorar frå Ålesund både i vokal, dans og hardingfele stod på scena i helga. Frå Molde stilte flinke dansarar frå Romsdalsmuseets leikaring og felespelarar frå Molde kulturskule.
 
Av dei heile 23 klassene var det størst deltaking i spel solo bygdedans fele/hardingfele (senior) og i lagspel fele/hardingfele med komp (senior). Vinnaren i solistklassa var Vidar Underseth frå UL Ivar Aasen og Spelemannslaget Dåm og Drag vann lagspelklassa. Vinnarane av den nye klassa skorsk pardans vart Leikny Aasen og Vidar Underseth.


> Sjå heile resultatlista for fylkeskappleiken her

> Heimesidene til Møre og Romsdal Folkemusikklag 

> Heimesidene til arrangørlaget UL Ivar Aasen


 

Kvedargruppa i «Futt&Fart» i aksjon. Foto: Rannveig Djønne

Valldal Spelemannslag. Foto: Rannveig Djønne
 

Romsdalsmuseets leikarring. Foto: Rannveig Djønne

Hardingfelelaget i UL Ivar Aasen. Foto: Rannveig Djønne