Hjem > Aktuelt > Nyhendearkiv > Artikkel

FESTIVAL

Fem om Telemarkfestivalen

Ingvill Buen Garnås under årets tingingsverk på Telemarkfestivalen. Foto: Knut Utler

Ingvill Buen Garnås under årets tingingsverk på Telemarkfestivalen. Foto: Knut Utler

Ein del av festivalane våre byrjar å dra på åra. Etter 25 år med Telemarkfestival i Bø spurde me fem personar om kva festivalen har betydd for dei. 

Article image
Foto: Karl Inge Punsvik

Tore Bruvoll

- Gitarist frå Tromsø

"Telemarkfestivalen var den aller første festivalen som booket meg og Ragnhild. Vi hadde en liten trio som vi kalte for Draugtøva og vi delte scene med Blåmann Blåmann på Vertshuset. Siden den gang har jeg vært innom med mange forskjellige prosjekt. Noe har vært litt obskurt og andre ting kjent og kjært. Er veldig glad for de sjansene jeg har fått og det har hatt stor betydning for meg som musiker i folkemusikkmiljøet."

 

 

Article image
Ingvill Buen Garnås. Foto: Laila Meyrick

Ingvill Garnås

- Kvedar og dansar frå Bø

"Eg var med heilt frå starten, kanskje som ein slags representant for ungdomen som var aktive i Telemark folkemusikklag/Ungdomsringen på den tida. Eg fekk oppgåver som eg sikkert vaks på, litt organisering og litt konsertleiing. Så har eg lange tider vore noko til og frå, hadde mellom anna mykje kvedarkurs der ei tid. Eg har vel ikkje alltid vore heilt einig i vala ein har gjort om kva som skal stå øvst på plakaten, tradisjonelle folkemusikarar eller band i andre sjangrar. Men i det seinare har i grunnen alle festivalar i større grad trekt fram dei tradisjonelle soloutøvarane som trekkplaster i seg sjølv, så også Telemarkfestivalen, og det er bra. I år var eg heldig å få treffe eitt av mine største Idol, Marta Zebestyen, som eg høyrde saman med mor mi på festivalen for mange år attende. Me skulle begge gjerne hatt litt betre tid saman, for eksempel i ei meir uformell konsertsetting, der me kunne utveksle songar og historier der og da. Kanskje eit tips til seinare festivalar! Trur det er viktig å skape gode arenaer for slike meir lågmælte møte også. Det har vel forresten vore ein del felekonsertar som har litt den formen no. - Kanskje det er songarane sin tur, der?"

 

 

Article image
Annette Winkelmann. Foto: Telemarkfestivalen

Annette Winkelmann

 - Tidlegare dagleg leiar av Telemarkfestivalen

"Å begynne å jobbe for Telemarkfestivalen var som å hoppe fallskjerm første gang, veldig spennende, men det føltes også nesten livsfarlig. Jeg tror det ligger i festivaljobbens natur å føles så farlig, man jobber i ett år, festivalen varer kun fire dager og da skal alt avgjøres, alt skal stemme, og mye avhenger av x-faktoren: været. Når det hele er over er man på gråten av glede og adrenalinrush. Folkemusikkfeltet og festivalfeltet har forandret seg mye siden jeg begynte og det har vært utrolig spennende og engasjerende å være midt i det. Hver festival var som et nytt hopp, fortsatt spennende, farlig og lærerikt, samtidig føler jeg at landingene ble mer og mer elegante. Telemarkfestivalen kan heve glasset og feire seg selv etter 25 år, for ikke å ha gitt etter for kommersialiseringspresset som trykker på fra alle kanter, at festivalen fortsetter å aktualisere, problematisere og presentere slåttemusikken, kvedingen og hele spekteret av den norske og utenlandske folkemusikken."

Article image
Odd Nordstoga

Odd Nordstoga

- Artist frå Vinje

"Telemarkfestivalen har jo følgd meg oppigjennom, og gjeve meg sjansar i tidlege år. I tillegg har festivalen vore av dei folkemusikkfestivalane med ein langt vidare profil, slik at det passa med til dømes den musikken eg hadde lyst til å drive med."

 

Article image
Anne Ingun Bakaas

Anne Ingun Bakaas

-  Frivillig frå Bø

"Etter å ha ha jobba frivillig på Telemarkfestivalen i 15 år, føler eg eit slags eigarskap til festivalen. Den er på ein måte litt min òg, og det er ein fin ting. Mange veit at eg driv med dette, og folk i Bø kjem og spør meg kva som kjem på programmet dette året. Med eigarskap følger omsut."

 


| Tips en venn | Skriv ut |