Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

KRISTIAN ØVREVOLLSEIE

Ekte hallingspel

Kristian Øvrevollseie 440 - kvadrat

Etnisk musikklubb opnar ei slåtteskattekiste når dei no gjev ut cd med spel etter hardingfelespelmannen Kristian Øvrevollseie.
- Dette er ekte hallingspel, odla med kjærleik og stor musikalitet, skriv produsent Harald Knutsen om utgjevinga.

Utgjevinga er ein dobbelt-cd som inneheld både arkivopptak og nyinnspelingar. Den eine cden inneheld private opptak frå 50-talet, medan den andre cden inneheld nyinnspelingar med bidrag frå utøvarar som Gunnlaug Lien Myhr, Øyvind Brabandt, Ingunn Stræte Lie, Jo Asgeir Lie, Arne Anderdal og Olav l. Mjelva.
Article image
100 års jubileum i 2010: I 2010 var det 100 år sidan spelemannen Kristian Øvrevollseie vart fødd. No gjev Etnisk Musikklubb ut ein dobbel-cd med slåttar med og etter Øvrevollseie. Her er coveret til utgjevinga:

Kristian Øvrevollseie (1910-73) var ein av dei mest sentrale spelemenn Hallingdal i si samtid, og han utvikla ein særprega spelteknikk, med stor klang og særs ornamentrik fingerbruk. Ein kan seie at han måla med brei pensel, samstundes som han hadde stor detaljrikdom. ”Du har blomar i fingrane dine du, Kristian”, skal telemarkspelemannen Johannes Dahle, ha sagt til han.

Lite kjend utanfor dalføret

Øvrevollseie var nøye med å ta vare på slåttane han hadde etter eldre spelemenn. Han uttrykte stor respekt for kjeldene sine, og ansvaret for å vidareføre musikken han fekk lære av dei. Som det ofte er dei beste spelemennene sitt privilegium, så åtte han òg den musikalske gjevnaden og dragnaden til å forme ut enkle slåttestubbar til større slåttar. Desse slåtteformene har naturleg vorte tekne opp i repertoaret til fleire av dagens spelemenn frå Hallingdal. Han var myke brukt som spelemann i lyd og lag, spelte inn mykje på opptak og han var viljug til å lære frå seg slåttar til yngre spelemenn. Slik fekk han ei aktiv formidlarrolle.

- Han var ein heimekjær mann, som reiste lite utanfor Hallingdal. Slåttespelet hans har difor ikkje vore so godt kjend utanfor dalføret vårt. Det er difor ei stor glede å kunne presentere denne cd-plata, som opnar litt av slåtteskattekista etter Kristian Øvrevollseie, skriv Knutsen.

Informasjon om utgjevinga

Plateselskap: Etnisk Musikklubb
Produsent CD1: Harald Knutsen
Produsent CD2: Arne Fredriksen
Opptak, redigering og mastering: Hallibakken lydproduksjon
Grafisk form: Selbutrykk
Foto: Hol bygdearkiv ved Bjørn Furuseth, JohnEliassen og Harald Knutsen
Dansefoto av Hallingspringar: Kjell Bitustøyl
Tekst: Hol historielag sitt årshefte “Under Hallingskarvet” v/Per Lilleslett.
Prosjektmedarbeider: Knut Medhus

Plata er produsert med støtte frå Hol kommune, Hol historielag, Geilo spelemannslag og Fondet for reising av minnestein for Kristian Øvrevollseie.


 


| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk