Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

FRØHOLM/TILLUNG

EINS

Frøholm-Tillung_EINS_CD-cover

Duoen Frøholm/Tillung debuterer med ”Eins”. Plata vart sleppt på Café MiR torsdag.

Frøholm/Tillung er ein av dei mest spennande folkemusikkduoane i Noreg i dag. Med eit utgangspunkt i vestnorsk slåttemusikk har dei saman klart å skape eit moderne og leikent musikalsk uttrykk med spenstige arrangement og harmoniar. Dei er no aktuelle med plata ”EINS”, som dei slepper 26.november 2009.
 

Britt Pernille Frøholm frå Hornindal, er eit friskt pust i norsk hardingfeletradisjon. Ho har bakgrunnen sin frå tradisjonell folkemusikk, men har også allsidig erfaring frå samarbeidsprosjekt med musikarar innan fleire ulike sjangrar. Med sitt drivande spel vekkjer ho begeistring noko som presseomtalane av soloalbumet ”For allje dei” (2008) ber preg av: ”Frøholm trakterer instrumentet med naturlig autoritet, spilleglede og stor sans for nyanser. Hvert strøk er som landet med en lang linje av felelspill i ryggmargen” (Oppland Arbeiderblad)
 

Irene Tillung frå Voss, er ein ettertrakta akkordeonist og er kjend for sin detaljrikdom og allsidige meistring av instrumentet. Ho har studert klassisk musikk, men har dei siste åra jobba mykje med folkemusikk, visesongarar og teatermusikk både som utøvar, komponist og arrangør. Ho er fast medlem av trioen Tindra som mellom anna har vore nominert til Spellemannsprisen, og som laga tingingsverket Den kvite hjorten for Førde internasjonale folkemusikkfestival 2009.

Plata er gjeve ut på plateselskapet ta:lik
 

Kjelde: Pressemelding - CumulusNordic

 


| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk