FolkOrg har sidan 1986 arrangert Landsfestivalen i gammaldansmusikk, «Norgesmeisterskapen i runddansmusikk», der dei beste utøvarane innan denne musikkforma vert kåra. Den aller første Landsfestivalen vart arrangert nettopp i Førde.  Den gjevaste klassen på Landsfestivalen er klassa for gruppespel, der dei beste runddansmusikarane i landet er i knivskarp konkurranse om topplasseringa.  I finalen spelar dei også til dansarar i ein fullsett dansesal.

Den nyleg inngåtte avtalen mellom Førdefestivalen og FolkOrg inneber at den gruppa som går av med det gjeve vinnartroféet under Landsfestivalen i gammaldansmusikk også får tilbod om engasjement under Førdefestivalen i juli året etter. 

- Vi ynskjer å stimulere det gode dansespelet- og alle danseglade til å kome seg ut på golvet, seier direktør Hilde Bjørkum ved Førdefestivalen.  – Eg kan ikkje tenke meg noko betre enn å svinge meg til god dansemusikk ein sommarkveld; det er som ein rus når du let deg forføre av flotte danserytmar og nydelege slåttar frå dyktige musikarar. - Og det er både god trim og i høgste grad sosialt – mange har funne mannen eller kvinna i sitt liv på dansegolvet! 

– Godt dansespel krev litt andre kvalitetar hjå musikaren enn det den vanlege konsertmusikken gjer, meiner Bjørkum, som sjølv har ivra for å sette opp eigen pris for beste dansespelemann også under FolkOrg sitt andre store folkemusikktevling, Landskappleiken.  Som tidlegare aktiv folkedansar med Kongepokal i dans og fleire Landskappleiksigrar, skulle ho vite kva ho snakkar om.

- Vi gler oss til å samarbeide med FolkOrg om dette. På den måten kan vi vonaleg stimulere musikarane til endå større innsats, og glede festivalpublikum med den beste dansemusikken som finst i Norge, seier ho.  

Dagleg leiar i FolkOrg, Linda Dyrnes ser fram til det nye samarbeidet, og til å få dansemusikken ut til eit større publikum. 

- Vi ser fram til at vinnarane av gruppespel på Landsfestivalen skal kunne spele til dans for ein fullstappa sal med eit festivalstemt publikum. FolkOrg har styrking av folkedansen som ei av sine prioriterte oppgåver og dette tiltaket vil bidra i rett retning, seier Dyrnes.

 – Førdefestivalen er ein stor festival som når langt utover kjernepublikummet i folkemusikken, med dekning av nasjonal og internasjonale presse, så dette er også ein god profileringsarena for musikarane. Vi har allereie etablert eit godt samarbeid mellom Førdefestivalen og Folkelarm, og det er ekstra kjekt at vi no i tillegg skal samarbeide om stimulering av runddansen og dansespelet, avsluttar Dyrnes. 

> Heimesidene til Landsfestivalen

> Heimesidene til Førdefestivalen