Formålet med minneprisen er å styrke interessa for utøving på hardingfele mellom unge, og slik oppmuntra til varig interesse for spelet. Minneprisen skal delast ut til ein lovande utøvar på hardingfele. Personen skal vera i alder som svarar til C-klassen på kappleik, og vera frå Vestlandet. Det skal vera eit personleg stipend.

Minneprisen skal delast ut på Vestlandskappleiken 2014, og er på kr.10.000,-.

Kappleiken finn stad i Granvin, Hordaland 3. – 5. oktober 2014.

FRIST for innsending av forslag er 15. september 2014.

Forslag skal sendast til:
Bergen ungdomslag Ervingen, Kong Oscarsgt. 15, 5017 Bergen
E-post: kontoret@bergen.ungdomslag.no

Merk konvolutten/e-posten ”Minnepris 2014”

For meir informasjon, sjå www.bergen.ungdomslag.no/minnepris/

Tidlegare prismottakarar

2013: Marta Lindvik, Ulvik
2012: Nikolai Storevik, Stryn
2011: Mathilde Skjæret, Jostedal
2010: Ingeborg Hollekim Bringslid, Bergen
2009: Maria Skjeldrum Toppe, Bergen
2008: Erlend Apneseth, Jølster
2007: Alexander Aga Røynstrand, Granvin