Juuso gjekk bort laurdag, etter lengre tids sjukdom.  

- Det er med dyp sorg vi må meddele at vår kjære og høyst respekterte joiker og landsdelsmusiker Inga Juuso har gått bort. Våre dypeste medfølelser og kondolanse går til hennes familie og venner, melder Kultur i Troms til Avisa Nordlys. 

Inga Juuso frå Kautokeino var ein høgt verdsett joikar, og ein sterk representant for samisk kunst og kultur. Bak seg har ho ein rekke plateutgjevingar med mellom anna grupper som Skaidi, Juusk, Inga Juuso Group og Bárut. Med gruppa Bárut vann ho spelemannsprisen i åpen klasse i 2011. 

"Inga er vår joikedronning"

Juryen si grunngjeving for utnemninga av Årets Folkemusiker 2012
 

I 2012 vart ho kåra til «Årets Folkemusiker» av FolkOrg – organisasjonen for folkemusikk og folkedans. I juryens grunngjeving frå den gong heit det: 

”Inga er vår joikedronning. Hun har lang fartstid som joiker, og er den eneste fylkesjoikeren i Norge, og i verden. Det har hun vært siden 1999. Hennes musikalske reise har krysset mange grenser og har tatt joiken til nye grensesprengende møter. Hun er en av de fremste utøvere av den tradisjonelle joiken og samtidig den som har tatt joiken på nye moderne veier. Juuso har mange musikkproduksjoner bak seg, det siste året er hun aktuell med utgivelser med  “Bárut - Bálggis”, “Juusk” og “Skáidi - Headland/Skáidegeahči”. Folkelarmprisen hedrer en ekte kunstner som har formidlet, bevart og utviklet noe så spesielt som joik.”

Nyleg skulle ho vore med i Riksscenen og Morten Krogvold sin fotoserie med elleve markante norske folkemusikarar og -dansarar, men fotograferinga lot seg ikkje gjennomføre.