10_Ragnhild_Knudsen_Foto_Meyrick (3)(crop440x300px)

Ragnhild Rose Knudsen (f. 1958)

  • Spelar bratsj og hardingfele.
  • Frå Oslo, bur i Seljord.
  • Er lektor i folkemusikk ved Høgskulen i Telemark. Underviser i kulturskulen i Seljord. Har elevar på hardingfele og gjev også timar i klassisk fiolin. Er medlem av Seljord spelemannslag frå starten i 1992 og spelar i trioen Glima.
  • Første bogestrøk på fiolinen i 14-årsalderen. Gjekk på Toneheim og studerte så ved konservatoriet i Bergen, først faglærarline, så instrumentalpedagog. Fiolinen var hovudinstrumentet, bratsjinteressa kom sidan. Byrja å spela hardingfele først på starten av 90-talet då ho flytta til Seljord, etter ein kort tur innom leikarringen.
  • Viktige læremeistrar har vore Tarjei Romtveit og Torbjørg Aas Gravalid.
  • Særlege minne med musikken: Budde i Mexico ein periode som barn, der musikken gjorde sterkt inntrykk.
  • Andre hobbyar: Finn ikkje tid til anna enn musikken. Men kvardagsaktivitetane gjer kvarandre rikare og glir over i kvarandre.
  • I tankane for tida: Nett no oppteken av at ho ikkje skal til Landskappleiken, for første gong på 16 år. I staden skal ho til North Atlantic Fiddle Convention i Irland. Der held ho innlegg om korleis ein kan arrangera ein hardingfeleslått om til trio. Ho stiller også spørsmål om kva som er konsekvensen av dette: Blir uttrykket oppfatta som slått eller triosats?
10_Stein_Versto_Foto_Meyrick (2) (crop440x300px)

Stein Versto (f. 1957)

  • Spelar hardingfele.
  • Frå Vinje. Bur på garden Subø i Åmot, i Vinje kommune.
  • Kvifor musikken: Høyrde ein del musikk i oppveksten. Bestefar spela, og Tarjei Romtveit. Dei inspirerte, likeins Vinje spelemannslag. Det var naturleg å spela!
  • Aktivitet som musikar: Gav i 2011 ut plata Urjen med slåttar etter Olav og Eivind Groven. Har lært mykje frå Eivind Mo frå Rauland.
  • Anna arbeid: Er leiar for Det litterære rådet i Den norske Forfatterforening. Jobbar mest med skriving. Har forfatta noveller og dikt og har omsett barnebøker, ein roman og ein operalibretto. Den dagen me er innom, held han på med ein songtekst til Ingebjørg H. Bratland. Held også på med eit bokprosjekt, ei skjønnlitterær bok som byrjar å ta form.
  • Til Landskappleiken i 2012? Ikkje dette året, arbeidet er grunn til det. Sommaren er god skrivetid, og det er fint å arbeida på Subø. Held elles på med ulike arrangement. Deltek ved Litteraturdagane i Vinje, gjev skrivekurs og til hausten kurs i kreativ skriving.
  • Hobby utanom musikken: Det er vage grenser mellom arbeid og hobby. Likar til dømes å gå på tur, men turgåing kan på eitt vis sjåast som jobb, sidan tankeverksemda det set i gang, er viktig for skrivearbeidet. Køyrer motorsykkel.
10_Tarjei_Romtveit_Foto_Meyrick (2)(crop440x300px)

Tarjei Romtveit (f. 1925)

  • Spelar hardingfele.
  • Har budd i Bøgrend i Vinje sidan 1960. Er frå ”litt lenger opp i Vinjesvingen”.
  • Oppvaksen på småbruk. Har køyrt ulike maskinar og har vore sveisar. Arbeidde ved Tokkeanlegget i 14 år. Er tippoldebarn til Myllarguten.
  • Kvifor musikken? ”Det veit eg no ikkje, men fela vart min beste ven.” Har spela sidan 12-årsalderen, byrja i spelemannslaget i Arabygdi. Meiner det gjekk mange år før han fekk sving på det. ”Eg hadde slik respekt for det. Og det var ikkje nokon som spela heime.”
  • Om tida då han starta: ”Eg var nok for seint ute til å oppleva dei største. Ola Midtgarden var mellom dei som kunne mykje, og sjølvsagt var det fleire, men det var ein stille periode, med få av dei største legendene. Du trur dei lever evig. Det gjer dei dessverre ikkje.”
  • Om Myllarguten: ”Myllarguten var slik ein mytisk figur. Han var så nøye på allting, for nøye til å vera arbeidskar. I musikken var det grundige ein betre eigenskap.”
  • Beste spelemann: Har lika så mange og har ingen favorittar. I ungdommen var det ikkje godt å komma forbi Gjermund Haugen. Likar òg spelet frå andre kantar av landet.
  • Om notida: Høyrer dårleg etter at han var ute for å skyta rev. Spelar ikkje lenger og skal ikkje på festival i sommar.
  • Eit særleg minne med musikken: Tur til Amerika. ”Eg reiste ikkje for å spela, men hadde jo med meg instrumentet. I Oregon på 17. mai vart eg spurd om å spela i lokalradioen. Det var artig; slikt skjer mest ikkje her ein gong.”
  • Om det å spela: ”Eg var ikkje skikkeleg spelemann, eg har ikkje drukke brennevin! Det var det ikkje alle som lika. Men eg har hatt mykje moro. Eg er full av faen, veit du! Eg har spela mykje til dans og treft mest alle dei spelemenn som er.”
  • Om folkemusikkmiljøet: ”Miljøet er godt no, det var nok meir misunning i gamle dagar. Folk er så gode til å spela no, eg trur ikkje dei gamle var betre. Men kanskje var spelet meir individuelt den gongen.”
  • Avsluttande setning: ”Eg har vore meir glad i folkemusikk enn dei fleste.”

 

10_Lars_Erik_Øygarden_Foto_Meyrick (2)(crop440x300px)

Lars Erik Skjøtskift Øygarden (f. 1986)

  • Spelar hardingfele.
  • Frå Øygarden midt mellom Rauland og Øyfjell.
  • Verksemd som musikar: Går på Høgskulen i Telemark, Institutt for folkekultur i Rauland, byrjar no på mastergrad.
  • Kvifor musikken? Har høyrt musikk sidan før han vart fødd. Ifølgje mor si sparka han springartakt i magen då han høyrde Knut Buen spela. Høyrer også far sin spela mykje.
  • Viktige læremeistrar: Per Åsmund Omholt og Per Anders Buen Garnås. Tidlegare Terje Kristian Hansen. Er òg svært interessert i gamle opptak. Håvard Gibøen er mellom dei gamle kjeldene han set høgt. Spelar frå tid til annan både valdresspel og litt vestlandsspel, men telemarksspelet ligg hjarta nærast.
  • Tankar om framtida: Tek livet som det kjem. Har to år med masterstudium i vente, ynskjer dernest å finna noko å gjera som gjer at han framleis kan bu heime. Har lyst til å kunna driva med musikken, den brenn han for, men treng ikkje nødvendigvis leve av den.
  • Hobbyar utanom musikken: Likar å vera ute, går gjerne på jakt, men spelet tek storparten av tida. Spelet ser han ikkje på som berre arbeid. Det er like mykje studium og moro. Ein vert dedikert til det.